Gunnulf Kleveland

Gunnulf Kleveland (13. juni 190714. januar 1993)[1] var ein norsk filolog og lektor.[2] 

Gunnulf Kleveland
Fødd 13. juni 1907
Evje
Død

14. januar 1993 (85 år)

Yrke omsetjar

Bakgrunn og karriereEndra

Gunnulf Kleveland var son av bonden Olav Nilsson Kleveland (1841–1934) og Gunhild Torgeirsdotter Åneland (1870–1962).[2] Han tok examen artium i 1928 og vart cand. philol. frå Universitetet i Oslo med latin og tysk som sidefag og norsk hovudfag i 1936. Han arbeidde som lærar og lektor ved Sarpsborg kommunale høyere almenskole frå 1937 til 1951, med eit avbrot frå 1947 til 1949, då han var lektor i norsk ved Stockholms högskola og reiselektor for Foreningen Norden i Sverige. Frå 1951 var han lektor ved Drammen offentlige høyere almenskole.[2]

Kleveland var oppteken av å ta vare på Setesdals-tradisjon. Han skreiv ned «Bryllupsmarsj» etter Knut Kleveland, ein folketone frå Evje. Bruresmarsjen er arrangert for orgel av Eilert Magnus Hægeland som òg framførte han på fleire konsertar.[3] Folkemusikken i Setesdal kom i 2019 inn på SNs liste over immateriell kulturarv.[4] Gjennom å skrive ned bruremarsjen frå Evje har Kleveland vore med på arbeidet med å tryggje denne immaterielle kulturarven. Kleveland har òg skrive ned minne om ferdsel langs landevegen i Evje på byrjinga av 1900-talet i teksta «Langs ein landeveg» i Jol i Setesdal 1974.[5][6]

Kleveland gav ut eit par skolebøker for latinfaget i den vidaregåande skulen og omsette Plautus' Skrømtet (Mostellaria) til norsk (1982).[7][8]

Kleveland var styremedlem i Studentmållaget i Oslo hausten 1935.[9] Han var formann i Pedagogisk forening i Sarpsborg 1945–1947, og i 1952 vart han formann i Drammen lokallag av Foreningen Norden. Han var riddar av Filologisk Forening ved Universitetet i Oslos orden Den gylne ugle.[10][2]

KjelderEndra

  1. «Digitalarkivet», www.digitalarkivet.no (på norsk), henta 19. november 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Studentene fra 1928. Oslo. 1953. s. 193. 
  3. «Tysdagssending i Valle Radio 20170905 – Setesdalswiki». Henta 8. september 2020. 
  4. «UNESCO - Practice of traditional music and dance in Setesdal, playing, dancing and singing (stev/stevjing)» (på engelsk). Henta 14. september 2020. 
  5. «Jol i Setesdal 1974 – Setesdalswiki». Henta 8. september 2020. 
  6. Gunnulf Kleveland (1974). «Langs ein landeveg». Jol i Setesdal 1974: 23–25. 
  7. «Latinsk stiløving : versjon og retroversjon - Nasjonalbiblioteket». Henta 14. september 2020. 
  8. «Kontrollspørsmål til romersk kulturhistorie» (på norsk). Henta 14. september 2020. 
  9. Studentmållaget i Oslo 50 år. Oslo. 1952. s. 183. Oslo. 1952. s. 183. 
  10. Ekrheim, Helga Sverdrup (1950). Norges filologer og realister. Stavanger:. Stavanger. 

BakgrunnsstoffEndra