Gunvor Gjessing (24. juni 19328. mai 2019[1][2]) var ein norsk journalist, fødd i Saltdal som Gunvor Rusånes.

Gunvor Gjessing
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1932
Død

8. mai 2019 (86 år)

Yrke journalist

Ho var utdanna med mellomfag i engelsk og fransk språk ved Universitetet i Oslo. Frå 1960 var ho tilknytt avisa Aftenposten, der ho arbeidde med kulturstoff, mellom anna som filmkritikar. Ei periode var ho óg styremedlem i Norsk filmkritikerlag.

Ho gav ut ei bok som tek for seg historia til A/S Rusaanes Snekkerifabrikk, som tilhørde familien hennar.[2] Fabrikken eksisterte frå 1887 til 1972. Føretaket låg ved Rusånes i Saltdal, ein liten stad i Nordland fylke.

Gunvor Gjessing budde saman med mannen Ketil Gjessing på Sagene i Oslo til ho døydde i 2019.[2][1]

Verk endre

  • 1999 Møbeleventyret. Historien om en pionerbedrift i Nordland ISBN 82-7631-030-3
  • 2004 Fra skog og fjell til Akersgata – artikkel i Pressehistoriske skrifter nr. 3

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Gunvor Gjessing | Dødsannonse», Minnesider (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Gjennomtenkt omsorg», SOS-barnebyer, henta 31. oktober 2023, «Gunvor jobbet nesten hele sin arbeidskarriere som kulturjournalist i Aftenposten og også som redaktør i A-magasinet. Ketil var programsekretær og dramaturg i NRK Raadioteateret. Han ga ut en rekke lyrikksamlinger, og Gunvor skrev en bok om familiebedriften Rusaanes Møbelfabrikk i Nordland.» 
  • Leif Gjessing: Grømsted Gjessingene og dets etterkommere i 300 år.

Bakgrunnsstoff endre