Gunvor Guttorm
Gunvor Guttorm (fødd 27. juni 1958 i Karasjok)[1] er ein norsk samisk kunstvitar, artist og duodjiekspert.
Gunvor Guttorm | |
Statsborgarskap | Noreg, Sverige |
Fødd | 28. juni 1958 (66 år) Karasjok |
Yrke | forfattar, universitetslærar, kunsthistorikar, kunstnar |
Gunvor Guttorm voks opp i Karasjok og studerte fag som duodji, finsk og samisk på blant anna Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Finnmark i Alta/Hammerfest. I 1993 tok to magistereksamenen i duodji på Statens lærerhøyskole i forming i Oslo. I 2003 disputerte ho på Universitetet i Tromsø med avhandlinga Duoji bálgát - en studie i duodji: kunsthåndverk som visuell erfaring hos et urfolk.
Ho har undervist i duodji, mellom anna på Samisk høgskole i Kautokeino frå 1994. I 2010 blei ho professor i duodji på Samisk høgskole, der ho i 2015–2019 også var rektor.
Ho er busett i Jokkmokk og har to barn.
Bibliografi i utval
endre- Duoji bálgát - en studie i duodji: kunsthåndverk som visuell erfaring hos et urfolk (avhandling), Det humanistiske fakultet, Institutt for kunsthistorie, Universitetet i Tromsø, 2001
- Duodjáris duojárat – duddjon ealiha duodjedigaštallama – artihkkalčoakkáldat (på nordsamisk, "Hängivna hantverkare – Skapande föder dialog och debatt"), Davvi girji, Kautokeino 2010, ISBN 9788273748157
Kjelder
endre- ↑ Let the River Flow, februar 2019, på nettstaden til Tensta konsthall
- Denne artikkelen bygger på «Gunvor Guttorm» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mai 2022.