Høgskolen i Finnmark

Høgskolen i Finnmark (HiF) var ein statleg høgskole i Finnmark som vart skipa som fylgje av Høgskulereforma 1. august 1994. Han var ein av dei 24 statlege høgskolane i Noreg etter høgskolereforma. Det var Finnmark sykepleierhøyskole, Finnmark distriktshøgskole og Alta lærerhøgskole som vart slått saman til ein høgskole.[1] Dei heldt til i Alta og Hammerfest, der òg hovudstudiestadane til høgskolen vart lagde. I tillegg fanst ein campus i Kirkenes, og skulen hadde desentraliserte studium i Lakselv, Kirkenes, Tromsø, Bardufoss og Finnsnes.

Høgskolen i Finnmark

Motto«Under nordlyset - over det meste!»
Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskole
StadAlta
Studentar2 000
Tilsette240
Nettstadhttp://www.hifm.no/
Erstatta avUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Landemerket til HiF og Høgskolen i Finnmark i bakgrunn.

Høgskolen vart fusjonert med Universitetet i Tromsø den 1. august 2013, under namned UiT Noregs arktiske universitet.[2] Høgskolen vart det nye Finnmarksfakultetet ved universitetet.

Fagleg organisering endre

Høgskolen hadde ein lang periode tre avdelingar:

  • Pedagogiske og humanistiske fag (Alta)
  • Nærings- og sosialfag (Alta)
  • Helsefag (Hammerfest)

Ved samanslåinga i 2013 hadde høgskolen desse institutta:

  • Institutt for helsefag (Hammerfest)
  • Institutt for sosialfag
  • Institutt for pedagogiske og humanistiske fag
  • Institutt for idretts- og realfag
  • Institutt for økonomiske- og reiselivsfag

Kjelder endre

  1. Om oss i HiF. Arkivert 25. juni 2013.
  2. Offisielt fra statsråd 15. februar 2013