Gustavsberg porslinsfabrik

(Omdirigert frå Gustafsberg Porslinsfabrik)

59°19′26″N 18°23′4″E / 59.32389°N 18.38444°E / 59.32389; 18.38444

Fabrikkanlegget på slutten av 1800-talet

Gustavsberg porslinsfabrik er ein keramikkfabrikkVärmdö utanfor Stockholm. Fabrikken var skipa i 1825 som ein fabrikk for «Alla sorts Porcellainer». Frå 1839 blei produktene merka med eit anker og namnet «Gustavsberg» i ein boge over ankeret.

Historie endre

 
Blå blom-stempel

Porselensfabrikken i Gustavsberg vart grunnlagd i 1825 av Samuel Öhman. Den snøgt veksande industristaden kom å bli dominert av progressive verkseigarar som gjorde Gustavsberg til eit mønstersamfunn. Den mest betydningsfulle av desse var Wilhelm Odelberg som var verksam frå 1869 til 1920-talet og som òg var riksdagsmann for dei konservative. Han styrte over Gustavsberg i ei patriarkalsk ånd, og for å sleppe innblanding frå kommunepolitikarane i Värmdö såg han til at Gustavsberg danna ein eigen kommune i 1902. Vilkåra for arbeidarane var då så gode i Gustavsberg at det varte til 1919 før ei fagforeining vart skipa, det vil seia nesten ein mannsalder seinare enn i resten av Sverige. Skipinga vart sett på med ublide auge frå fabrikkleiinga. I 1937 vart fabrikken seld til Kooperativa Förbundet.

Stig Lindberg si rolle endre

Gustavsbergs kan hende mest kjente formgjevar var Stig Lindberg, og utan han hadde fabrikken truleg ikkje overlevd den økonomiske krisa på 1940-talet. I 1948 etterfylgde Stig Lindberg Wilhelm Kåge som kunstnarisk leiar. Han hadde denne funksjonen mellom 1948 og 1957 og i perioden 1971-1980. Mellom Stig Lindbergs mest kjente fajansar finst kunstgodsserier som Domino, Figurin og Karneval og porselensseriar som Berså, Spisa Ribb, Adam, Coq, Birka og mange fleire. Stig Lindberg la størst vekt på kvardagsporselen.[1] Det var han som verva keramikaren Lisa Larson til fabrikken.

Studioet endre

 
Gustavsbergs Studio-symbol

Gustavsbergs Studio tok medarbeidarane fram forslag til nye seriar. Framfor alt var det ein verkstad for kunstgods. Symbolet var ein «G» og ei hand vart måla under kunststykket, noko som synte at det var eit unikt stykke i eit avgrensa opplag. Kunstnarane hadde stor skaparfridom i dette studioet.

Plasten endre

Alt i 1945 tok Gustavsberg til å tilverke hushaldningsprodukt i plast. Initiativtakaren var Stig Lindberg som gav form mellom anna til termosar, serveringsbrikker, servise, kjøleskåpsesker og ei lita sparebøsse i form av ein hund for Handelsbanken.

I 1953 vart Carl-Arne Breger tilsett av Lindberg. Breger hadde ei særskild kjensle for det nye materialet og han vart snart kalla «Mr Plast». Hans høge grepsvennlege vasskanne er i dag eit ettertrakta samlarobjekt. Ein annan klassikar, som framleis kan kjøpast ny, er askebegeret «Kulan» formgjeven av Gunnar Larson på 1970-talet.

Gustavsberg i dag endre

I dag er AB Gustavsberg eit heileigd dotterselskap av Villeroy & Boch. Det tilverkar baderomsprodukt som toalett, handfat og blandebatteri. Produksjonen skjer i Gustavsberg og Vårgårda.

HPF (HushållsPorslinsFabriken) i Gustavsberg AB tilverkar enno det berømte beinporselenet og er eit heilt svenskeigd foretak med all sin produksjon i Gustavsberg.

Gustavsberg sin definitivt lengste serie var porselensserien Blå Blom, som vart produsert utan avbrot frå 1874-2006.

Delar av Gustavsbergs produksjon er utstilt på Gustavsbergs Porslinsmuseum.

Bildegalleri endre

Fotografi: Holger Ellgaard

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Tusenkonstnären Stig Lindberg, Gisela Eronn, «Serviser för folkhemmet», ISBN 91-518-4100-2

Bakgrunnsstoff endre