Guyanaregionen, Guyanastatane eller Guyanas er ein region i det nordaustlege Sør-Amerika, som femnar om territoria Guyana, Surinam og Fransk Guyana.

Dei tre territoria i regionen er Guyana, Surinam og Fransk Guyana her markert i oransje, lilla og blått. Tilgrensande område i Venezuela og Brasil markert i gult og grønt.

Guyanastatane dekkjer delar av guayanaskjoldet, som også inkluderer regionar av Venezuela, Brasil og Colombia.

Territoria i Guyanas har ei felles historie, ettersom dei vart koloniserte av europeiske land som ligg utanfor Iberia, i motsetning til resten av Sør-Amerika. Denne situasjonen har distansert Guyanastatane kulturelt, språkleg og politisk frå resten av landa på det søramerikanske subkontinentet som dei tilhøyrer, og har på den andre sida ført dei nærare samfunnet i Karibia.

Kjelder endre