Surinam

Republiek Suriname

(norsk: Surinam, surinamsk)

Det surinamske flagget Det surinamske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «God zij met ons Suriname»
Motto Latin: Justitia - Pietas - Fides (Rettferdigheit - Gudfryktigheit - Truskap)
Geografisk plassering av Surinam
Offisielle språk Nederlandsk
Hovudstad Paramaribo
Styresett
Republikk
Dési Bouterse
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
163 820 km² (91.)
1,1 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
591 919 (166.)
3,6 /km² (190.)
Sjølvstende
Frå Nederland
25. november 1975
Nasjonaldag 25. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
9 211 mill. USD (155.)
17 800 USD (75.)
Valuta Surinamsk dollar
Tidssone UTC -3
Telefonkode +597
Toppnivådomene .sr


Surinam, offisielt Republikken Surinam, er eit land heilt nord i Sør-Amerika med kyst mot Atlanterhavet i nord og grensar til Guyana i vest, Brasil i sør og Fransk Guyana i aust. Landet var tidlegare nederlandsk koloni, men blei ein sjølvstendig stat i 1975. Surinam er medlem av CARICOM og blir kulturelt rekna som eit karibisk land; det har sterke kulturelle og økonomiske band til andre karibiske nasjonar.

NamnEndra

Namnet «Surinam» er truleg avleidd av tainostammen «surinen» som budde i området då europearar kom til området.[1] Engelske busetjarar som grunnla den første kolonien i landet, ved Marshall's Creek ved Surinam-elva, kalla han Surinam.[2] Saman med fleire koloniar utgjorde han Nederlandsk Guiana. Etterkvart som Nederland mista andre koloniar blei Surinam den einaste delen av Nederlandsk Guiana. På nederlandsk blir namnet skrive Suriname og uttalt ˌsyriˈnaːmə.

 
Kart over Surinam

GeografiEndra

Surinam er det minste sjølvstendige landet i Sør-Amerika. Landet ligg nær ekvator. Det kan grovdelast i to område. Den nordre, kystnære delen er fruktbart lågland, og det er her dei fleste innbyggjarane i Surinam bur. Den sørlege delen, som mellom anna omfattar Guyanahøglandet, består dels av savanne og dels av tett tropisk regnskog. Landet er gjennomvove av elver som ofte er farbare i nedre løp.

Landet ligg på Guyana-plata, og det høgaste punktet er Julianatop (1 286 moh.) i Wilhelmina Gebergte. Dette fjellområdet blei danna i prekambrisk tid, låglandet mot nord i tertiær tid og kystområda, der ein finn mangrovar, sumpmark og sandstrender, er yngre.

Nordaust i landet ligg Professor Doctor Engineer W.J. van Blommestein Meer, ein stor innsjø som blei laga i 1964 då det blei bygd ein demning her.

KlimaEndra

Klimaet i Surinam er fuktig, tropisk med ein jamn temperatur (27 °C) året rundt og ein årsnedbør på 1500–2000 mm, minst i sørvest. atlanterhavskysten av Surinam er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mai til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.

Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehageleg.

HistorieEndra

Surinam var opphavleg folkesett av arawakar og karibar. Området blei først sett av europearar i 1498 under ein ekspedisjon leia av Christofer Columbus. I 1593 kom området offisielt under spansk herredøme, utan at Spania oppretta koloniar der. Frå og med 1616 oppretta nederlendarar ei rekkje handelsstasjonar langs kysten. Surinam blei ein nederlandsk koloni i 1668. Kolonien fekk indre sjølvstyre i 1954, og fullt sjølvstende 25. november 1975. Den tidlegare guvernøren, Johan Ferrier, blei den første presidenten i landet. Dési Bouterse tok makta ved eit militærkupp i 1980. I desember det året blei 15 framståande kritikarar av regimet bortført og avretta i dei såkalla desemberdrapa. Dette som førte til at Nederland stoppa all økonomisk hjelp til Surinam. Trass i undertrykking og sensur blei Surinam ein fleirpartistat i 1985, og ein byrja arbeid med a skriva ein ny grunnlov.

I 1986 braut det ut borgarkrig mellom regjeringa og ei geriljagruppe knytt til folkegruppa marrons (etterkomarar av rømde slavar og urfolk). 29. november 1986 fann Moiwana-massakren stad der 39 sivile blei drepne.

I 1987 kom den nye grunnloven til Surinam og det blei halde val i landet. Dési Bouterse og partiet hans Nationale Democratische Partij heldt på makta. I 1990 avsette Bouterse den dåverande presidenten, Ramsewak Shankar, i nok eit kupp. I 1991 blei det halde eit nytt val og landet blei meir demokratisk. I 1992 blei det skrive under ein fredsavtale med geriljastyrkane Junglecommando.

Landet blei råka av flaum i 2006 etter store nedbørsmengder. Rundt 20 000 blei heimlause. Dette året blei det gjeve ei offisiell orsaking for massakren i Moiwana.

I 2010 blei Bouterse vald til ny president som leiar for koalisjonen Megacombinatie. I mars 2012, under den pågåande rettssaka rundt desemberdrapa der Bouterse var hovudmistenkt, vedtok parlamentet å gje amnesti for drapa, Det kontroversielle vedtaket førte til at Nederland stoppa fleire pengeoverføringar til landet og sende heim ambassadøren.

FolkesetnadEndra

Ifølgje utrekningar gjort av SN hadde hadde Surinam i 2018 ein folkesetnad på 568 301 innbyggjarar.[3] Folkesetnaden i landet var i 2018 fordelt på desse folkegruppene:[4]

  • Indarar 37 %
  • Kreolar (europeisk-afrikanske) 30 %
  • Javanesarar 15 %
  • Afrikanarar 10 % (det blei innført afrikanske slavar til Surinam på 1600-talet og 1700-talet, og fleire av desse rømde inn i landet og danna eigne samfunn)
  • Kinesarar 2 % (på 1800-talet emigrerte ein del indarar, javanesarar og kinesarar til Surinam)
  • Amerikanske urolk 2 %
  • Europearar 2 %
  • Andre folkegrupper 2 %

Politikk og administrasjonEndra

Surinam er eit demokrati som byggjer ein grunnlov frå 1987. Den lovgjevande styresmakta er Nasjonalforsamlinga, som har 51 medlemmar. Desse blir valde kvart femte år.

Nasjonalforsamlinga vel leiar for den utøvande styresmakta, presidenten, ved at det blir vald ut ein kandidat som har ⅔ fleirtal. Om nasjonalforsamlinga ikkje kjem fram til ein kandidat med slikt fleirtal, blir presidenten vald av Folkeforsamlinga – som i tillegg til dei 51 medlemmane av Nasjonalforsamlingea består Folkeforsamlinga av 289 regionale representantar.

Surinam er eit fullt og deltakande medlem i CARICOM (Karibisk fellesskap og fellesmarknad).

Administrativ inndelingEndra

Surinam er delt inn i ti distrikt:

  • Brokopondo
  • Commewijne
  • Coronie
  • Marowijne
  • Nickerie
  • Para
  • Paramaribo
  • Saramacca
  • Sipaliwini
  • Wanica

NæringslivEndra

Økonomien til Surinam er dominert av bauksitt-industrien, som utgjer meir enn 15 prosent av BNP i landet, og nesten 70 prosent av eksportinntektene. Den nest viktigaste eksportvara er sukker. Surinam har også nokre olje- og gullreservar. Omtrent ein fjerdedel av folkesetnaden i landet jobbar i jordbrukssektoren. Økonomien til Surinam er svært avhengig av handel med andre land, særleg Nederland, USA og dei karibiske landa.

KulturEndra

To stadar i Surinam er med på verdsarvlista til UNESCO: Sentrale Surinams naturreservat blei oppført på lista i 2000, og består blant anna av 1,6 millionar hektar tropisk regnskog. I 2002 blei også den gamle, indre busetnaden i hovudstaden Paramaribo oppført på lista.

KjelderEndra

  1. The New Encyclopædia Britannica, Encyclopaedia Britannica, Volume 5. Edition 15. Publisher Encyclopaedia Britannica, 2002, s. 547. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Encyclopedia Britannica: A Dictionary of Arts, Sciences, and General Literature, Volume XI (Ninth Edition—Popular Reprint utg.). Henta 4 May 2008. In 1614 the states of Holland granted to any Dutch citizen a four years' monopoly of any harbour or place of commerce which he might discover in that region (Guiana). The first settlement, however, in Suriname (in 1630) was made by an Englishman, whose name is still preserved by Marshall's Creek.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
  3. «Surinam». Henta 15. mars 2019. 
  4. «Surinam» (på norsk). Henta 15. mars 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Surinam
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.