Gva'ot (hebraisk skrift גְּבָעוֹת) er ei israelsk busetjing som ligg på den okkuperte Vestbreidda, heilt vest i Gush Etzion. Han er kalla opp etter høgdene (gva'ot) der Balaam talte[1] i følgje 4. Mosebok 23:9. Plasseringa er strategisk ovanfor hovudvegen frå Gush Etzion til Beit Shemesh og Shephelah. Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[2]

Gva'ot
גְּבָעוֹת
landsby
Namneopphav: Hills
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Gush Etzion
Koordinatar 31°40′42.77″N 35°6′4.59″E / 31.6785472°N 35.1012750°E / 31.6785472; 35.1012750
Grunnlagd 1984
 •  Grunnlagd av Nahal
Kart
Gva'ot
31°40′43″N 35°06′05″E / 31.678547222222°N 35.101275°E / 31.678547222222; 35.101275
Kart som viser Gva'ot.
Kart som viser Gva'ot.
Kart som viser Gva'ot.
Wikimedia Commons: Gva'ot

Den israelske regjeringa avgjorde i 1982 å byggje ein Nahal-utpost på staden i 1984. I 1997 vart basen overført til Shvut Yisrael Hesder Yeshiva, som flytta der frå Efrat i nærleiken.

Det neste tiåret vart området utvikla som bustadområde for gifte studentar og familiane deira.

Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar på Vestbreidda ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[3]

Kjelder

endre
  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.165 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)
  2. http://www.gush-etzion.org.il/communities.asp
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre