Opna hovudmenyen

Beit Shemesh eller Bet Shemesh (hebraisk בֵּית שֶׁמֶשׁ; gresk Βαιθσαμύς; latinsk Bethsames) er ein by som ligg kring 30 km vest for Jerusalem i Israel i Jerusalem distrikt. Han hadde 80 600 innbyggjarar i 2010.[2] Historia til Beit Shemesh går attende til før-bibelsk tid. Den moderne byen Beit Shemesh vart grunnlagd i 1950.

Beit Shemesh
Bet Shemesh
בֵּית שֶׁמֶשׁ, بيت شيمش
by
PikiWiki Israel 11206 Landscape view.jpg
Moderne Beit Shemesh
Våpenskjold
Namneopphav: Solhuset
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Koordinatar 31°44′44.47″N 34°59′11.93″E
Areal 34,259 km²
Folketal 84 200 (2011[1]) [1]
Folketettleik 2 458 / km²
Grunnlagd 1950
Borgarmeister Moshe Abutbul
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Shemesh
Tel Beit Shemesh oppom den moderne Beit Shemesh
Beit Shemesh frå sør.
Beit Shemesh, 2010
Beit Shemesh kjøpesenter

HistorieEndra

AntikkenEndra

Den antikke byen Beit Shemesh («solhuset» eller «soltempelet» på hebraisk) vart opphavleg namngjeven etter den kanaanittiske solgudinna Shemesh, som vart dyrka der i antikken. Ruinane av den gamle byen er framleis synleg på ein tell nær den moderne byen.[3]

Beit Shemesh er først nemnt i Josvas 15 (som Bet-Sjemesj på norsk) som ein by i området til Juda-stamma på grensa mellom territoriet deira og territoriet til Dan-stamma. Seinare i Josva 21 vert Beit Shemesh nemnt som ein stad som er sett til sides for prestane av Levi-stamma, kohanim. Byen er nemnt i kapittel 6 i Første Samuelsbok som den første byen som Paktas ark vart frakta til på veg attende frå Filistia etter å ha blitt stolen av filistrane i eit slag. I Andre kongebok er Beit Shemesh igjen nemnt som åstad for slaget mellom Amaziah konge av Judea og Jehoash konge av Israel.

Babylonia øydela Judea, vart vassverka i Beit Shemesh gøymd og tildekt, og ikkje funnen att før 2004. Så då jødane kom attende til området, i perioden kring Det andre tempelet, vart ikkje byen bygd opp att, slik mange andre stader i nærleiken vart, som Beit Guvrin, Maresha og andre. Småbyane Dayr Raban og Dayr Rafat nytta derfor stein frå denne byen til å bygge sine bygg. I nærleiken finst òg ein førhistorisk megalittisk sirkel, som truleg var knytt til gudsdyrkinga i Beit Shemesh.

Det er funne spor frå eit kloster og andre spor frå den bysantinske perioden.[4]

Moderne tidEndra

Seint på 1800-talet vart staden nytta som bustad av lokale arbarar under innhaustinga.[5][6] Den vesle moskéen Abu Mizar låg der.[6]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 invaderte den egyptiske armeen området og sette opp ein militærpost på ein ås som seinare vart Beit Shemesh. Posten skifta hender fleire gonger under kampane.

I 1952 vart dei første permanente husa bygde i Beit Shemesh, etter at det hadde lege ein flyktningleir der sidan 1950. Byen vart ein typisk utviklingsby med stort sett nordafrikanske immigrantar som innbyggjarar.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Statistical Abstract of Israel 2012 - No. 63 Subject 2 - Table No. 15». Israel Central Bureau of Statitistics. Henta 7. oktober 2014. 
  2. «CBS, Statistical Abstract of Israel». CBS. 2011. Henta 21. februar 2012. 
  3. Beit Shemesh – Biblical city on the border between Judah and Philistia, Israel Ministry of Foreign Affairs. Retrieved 23 November 2007.
  4. Claudine Dauphin (1998). La Palestina byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III: Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. s. 909. 
  5. C. R. Conder and H. H. Kitchener (1883). The Survey of Western Palestine III. London: The Committee of the Palestina Exploration Fund. s. 60. 
  6. 6,0 6,1 M. V. Guérin (1869). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Judée II. Paris. s. 18–22. 

BakgrunnsstoffEndra