Efrat (hebraisk אפרת, tidlegare Efrata (hebraisk skrift אֶפְרָתָה) er ei israelsk busetjing og ein lokal kommune i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart grunnlagt i 1983. Folketalet er 8500.(2010) Efrat vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Efrat ligg 12 km sør for Jerusalem, mellom Betlehem og Hebron, 6,5 km aust for the Den grøne linja. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda svingar austom Efrat, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda. Busetnaden ligg 960 meter over havet.

Efrat
אֶפְרָת, אֶפְרָתָה, أفرات, Efrata (tidlegare)
lokal kommune
Efrat, 2012
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°40′N 35°9′E / 31.667°N 35.150°E / 31.667; 35.150
Areal 6,28 km²
Folketal 9 238  (2013)
Folketettleik 1 471 / km²
Grunnlagd 1983
Borgarmeister Oded Revivi
Kart
Efrat
31°39′29″N 35°09′11″E / 31.658055555556°N 35.153055555556°E / 31.658055555556; 35.153055555556
Wikimedia Commons: Efrat

Efrat hadde 9 238 innbyggjarar i januar 2013.[1]

Historie endre

 
Efrat

I bronsealderen låg det ein busetnad i området der Efrat ligg i dag. Det er gjort arkeologiske utgravingar som har avdekt ein gravplass og meir enn tjue gravgrotter.

Den moderne Efrat vart grunnlagd i 1983 av Moshe Moskovits som vart den første borgarmeisteren i kommunen.[2]

Kjelder endre

  1. http://www.moin.gov.il/Subjects/Bchirot/Documents/election-yosh.pdf
  2. Daniel Chartock (May 18, 2004). «From Lincoln Square to Efrat. Rabbi Shlomo Riskin's Personal Story of Aliyah». The Commentator. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 14. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre