Hälsinglands museum
Hälsinglands museum er eit kulturhistorisk museum for Hälsingland som ligg i Hudiksvall. Drifta av museet går tilbake til 1859. Sidan 2013 har museet hatt status som regionmuseum. Det har rike kulturhistoriske samlingar av gjenstandar, arkiv og fotografi.
Hälsinglands museum | |||
| |||
Stad | Hudiksvalls kommun | ||
---|---|---|---|
Hälsingland Museum 61°43′41″N 17°06′27″E / 61.727983333333°N 17.10745°E |
Hälsinglands museum blei skipa av Helsinglands fornminnessällskap, som skapte eit museum for mellomaldersk kyrkjeleg kunst i Enånger gamle kyrkje som foreininga hadde kjøpt av selskapet i 1858. Fornminneslskapet, som var grunnlagt i 1859, starta samstundes ei innsamling av fornminnegjenstandar, mellom anna gamle våpen , og skipa eit mindre museum ved Hudiksvall skule.
I 1897 blei Frans Rodenstam leiar for samlingane, og under han blei den fyrste eigne museumsbygningen, i det gamle lasarettet, innvigd i 1903. I 1937 flytta museet til den noverande bygningen sin i Storgatan 31.
Museumsbygningen blei opphavleg bygd som ein bankbygning for Helsinglands Enskilda Bank 1879-80 etter teikningar av Ernst Jacobsson.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hälsinglands museum» frå Wikipedia på svensk, den 18. november 2024.