Hudiksvalls kommun

kommune i Gävleborg len i Sverige

Hudiksvalls kommun er ein kommune i Gävleborgs län i Sverige som ligg ved Bottenhavet. Kommunen grensar i Gävleborgs län til Nordanstigs kommun i nord, Söderhamns kommun i sør, Bollnäs kommun i sørvest og Ljusdals kommun i vest. I tillegg grensar han til Ånge kommun i Västernorrlands län i nordvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Hudiksvall.

Hudiksvalls kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Gävleborgs län
Landskap Hälsingland
Del av Hälsingland, Q61663374
Centralort Hudiksvall
Areal 2 496 km²
Folketal 36 970
Folketettleik 14,8 / km²
Kart
Hudiksvalls kommun
61°44′00″N 17°07′00″E / 61.733333333333°N 17.116666666667°E / 61.733333333333; 17.116666666667
Wikimedia Commons: Hudiksvall Municipality
Nettstad: www.hudiksvall.se

Landskapet i kommunen er kupert, og dalføra går hovudsakleg retning nordvest–søraust. Kysten i kommunen er sterkt innskoren. I den midtre delen av kommunen ligg innsjøane Norra og Södra Dellen, i eit bekken som vart danna i samband med eit meteorittnedslag for 220–250 mill. år sidan. I søraust finn ein våtmarksområde. Det har vore tradisjon for treindustri i kommunen, og på siste del av 1900-talet vart han supplert av kabel- og kranproduksjon.

Administrativ historikk endre

I 1869 vart Nianfors landskommun oppretta gjennom utbryting av kommunane Arbrå, Njutånger, Enånger og Forsa. I 1911 vart delar av kommunane Hälsingtuna og Idenor (medrekna municipalsamhället Åvik) innlemma i Hudiksvalls stad.

Ved den riksomfattande kommunereforma i 1952 vart resten av Idenor innlemma i Hudiksvalls stad, samtidig som desse «storkommunane» vart oppretta: Hälsingtuna (av kommunane Hälsingtuna og Rogsta), Njutånger (av Nianfors og Njutånger), Enånger, Delsbo, Bjuråker (av Bjuråker og Norrbo), samt Forsa (av Forsa og Hög). I 1963 vart Enånger og Njutånger slegne saman til Iggesund. I 1965 vart Hälsingtuna innlemma i Hudiksvalls stad.

Hudiksvalls kommun vart til slutt oppretta i 1971 gjennom samanslåing av Hudiksvalls stad og landskommunane Bjuråker, Delsbo, Forsa og Iggesund.

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På raud bakgrunn, tre avhogne bukkehovud i sølv og blått, to øvst og eitt nedst.[1]

Eit segltrykk med dette motivet frå 1580-talet er teke vare på. Då våpenbiletet skulle fastsetjast på 1930-talet vart det samansett slik det er i dag, etter framlegg frå riksheraldikaren. Etter kommunesamanslåinga var det mange ulike våpen å velje mellom, men byvåpenet vart registrert som kommunevåpen i Patent- och registreringsverket i 1974.

Tettstader endre

Det er ni tettstader i Hudiksvalls kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Hudiksvall 14 850
2. Iggesund 3 398
3. Delsbo 2 189
4. Sörforsa 1 524
5. Näsviken 977
6. Njutånger 879
7. Enånger 652
8. Friggesund 520
9. Hålsjö 221

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I rött fält tre avhuggna bockhuvuden av silver, ordnade 2 och 1, med blå beväring».