Håkon Hovstad
Håkon Åsvejen Hovstad (24. januar 1933–1. juli 2015) var ein norsk historikar.
Håkon Hovstad | |||
Fødd | 24. januar 1933 | ||
---|---|---|---|
Død | 1. juli 2015 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | historikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Instituttet for sammenlignende kulturforskning |
Hovstad tok historisk-filosofisk embetseksamen i 1959 og var deretter tilsett som leiar for forskingsprosjektet «Garden i norsk samfunnshistorie» ved Institutt for sammenlignende kulturforskning. I 1976 vart han tilsett som lektor ved Universitetet i Oslo. Her var han seinare instituttleiar ved Historisk institutt. Frå 1986 til 1991 var han medredaktør for Historisk tidsskrift. I 1995 vart han ramma av hjerneslag og mista taleevna.
Hovudoppgåva til Hovstad var «Enkelte trekk i norsk jordleielovgivning på 15- og 1600-talet». I skriftserien til Instituttet for samanliknande kulturforsking utgav han studie om Gårdsgrenser. Et bosetningsteknologisk hjelpemiddel? (1980)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Håkon Hovstad» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2019.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Nekrolog av Halvard Bjørkvik i Aftanposten 28. juli 2015