Hårfagreætta

(Omdirigert frå Hårfagre-ætta)

Hårfagreætta var ei kongeslekt i Noreg i mellomalderen. Stamfar til slekta var rekna å vera kong Harald Hårfagre. Mellom anna Snorre Sturlason rekna han som den som samla Noreg under ei kongsmakt.

Mange kongsemne ynskte å verta rekna som etterkomarar av Harald Hårfagre. Ein tenkte seg at ætlingar av den første norske kongen hadde odelsrett til det riket som i høgmellomalderen vart til Noreg.

Kong Harald Hårfagre vert i nokre forteljingar sagt å stamma frå Ynglingeætta. I Snorre si Heimskringla, er det skildra slik, men Snorre skreiv at dette ikkje var visst. Slektskap til den kjende ætta gav kongen auka status. I fylgje Snorre skulle kongar av Ynglingeætta ha vandra ut frå Uppsala til Aust-Noreg.

Den siste som hevda å vera konge av Hårfagreætta var Olav IV av Noreg, som døydde i 1387. Statsstyret vart då teke over av mor hans, dronning Margrete Valdemarsdotter. Ho fekk hylla Erik av Pommern til konge av Norden innan Kalmarunionen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre