Opna hovudmenyen

Erik av Pommern (fødd ca. 1382–død 1459[1]) var norsk, dansk og svensk konge. Som konge av Noreg vert han kalla Eirik III og regjerte frå 1389 til 1442. Han var konge av Danmark som Erik VII og av Sverige som Erik XIII frå 1396 til 1439.

Erik av Pommern
Erik (Eirik) III av Noreg
Erik VII av Danmark
Erik XIII av Sverige
Erik I, 1382-1459, hertig av Pommern konung av Danmark Norge och Sverige - Nationalmuseum - 15058.tif
Konge av Danmark, Noreg og Sverige
RegjeringstidNoreg: 13891442
Danmark: 13961440
Sverige:
  1. 139630. august 1434
  2. 14. oktober 14351436
  3. 1. september 143624. september 1439
SlaviskBogislav Vratislavsson av Pommern
Fødd1382
FødestadDarłowo
Død1459
DødsstadPommern
GravstadMarienkirche (Darłowo)
EtterfølgjarSom herskar av Sverige: Karl Knutsson Bonde
Gift medFilippa av England
DynastiHuset Grip
FarVratislav VII av Pommern
MorMaria av Mecklenburg
BornQ9254868
Erik av Pommern vert krona til konge av heile Norden. Stikk av H. P. Hansen frå Nordens Historie av Niels Bache 1884.

Erik var son av hertug Vartislav VII av Pommern og Maria av Mecklenburg, systerdotterson til dronning Margrete Valdemarsdotter.[1] Han gifta seg med Filippa av England, dotter av Henrik IV av England, i Lund i 1406.[1]

Den 17. juni 1397 vart Kalmarunionen inngått. Sjølv om Erik formelt var konge, var det i stort mon dronning Margrete Valdemarsdotter, som styrde. Først då Margrete døydde i 1412, vart Erik regent i røynda. Erik heldt fram dei reformene som Valdemar Atterdag og Margrete hadde byrja med.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Erik af Pommern ca. 1382-1459 frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Erik av Pommern