Håvard Bjerkeli (fødd 5. august 1977) er ein norsk tidlegare langrennar frå Isfjorden i Rauma kommune, medlem i Isfjorden Idrettslag. Han vann VM-sølv i sprintøvinga under Ski-VM 2003.

Håvard Bjerkeli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1977 (46 år)
Isfjorden
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2002, Ski-VM 2003

Bjerkeli utmerkte seg i sprinttevlingane då den nye øvinga kom frå slutten av 1990-åra. Han vann tre tevlingar i verdscupen i langrenn, ei i kvar av sesongane 2002-04. Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City rauk han ut i kvartfinale på sprinten og kom på 13. plass. Året etter tok Bjerkeli seg til finalen i same øvinga då verdsmeisterskapen fann stad i Val di Fiemme, der han vart andremann, svenske Thobias Fredriksson tok gullmedaljen. Same sesongen vart Bjerkeli noregsmeister i sprint under Ski-NM 2003 i Molde, medan det året etter vart NM-sølv i øvinga i Bardufoss.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Ymse endre

Bjerkeli er gift med langrennar var, Marit Roaldset, og såleis svigerson til Jan Olaf Roaldset. Karoline Grøvdal er syskenbarnet hans.

Kjelder endre