Jan Olaf Roaldset

Jan Olaf Roaldset (fødd 28. mars 1946) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Molde. Han vann hopprennet i Svenska skidspelen i 1968, med stor margin til toaren Topi Mattila. Same året fekk han sølv under noregsmeisterskapen i Skuibakken, berre 0,2 poeng bak gullvinnaren Bjørn Wirkola. Roaldset deltok for Noreg i Vinter-OL 1968 i Grenoble med 13. plass i storbakken og 21. plass i normalbakken.

Jan Olaf Roaldset
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1946 (78 år)
Molde kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1968

Roaldset representerte Idrettslaget Hjelset-Fram, saman med lagkameratane Hans Jørgen Næss og Ingolf Mork vart han ofte kalla for Hjelset-trioen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre
  • 1968: Nr 1 i Svenska skidspelen i Falun. Nr 13 i storbakken under Vinter-OL
  • 1970: Nr 10 i Svenska skidspelen i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Roaldset er svigerfar til Håvard Bjerkeli.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar