Opna hovudmenyen

Isfjorden i Rauma

bygd i Rauma i Møre og Romsdal
Denne artikkelen handlar om bygda i Rauma. For andre tydingar av ordet, sjå Isfjorden.

Isfjorden er ei bygd og ein tettstad i Rauma i Møre og Romsdal. Tettstaden har 1 322 innbyggjarar per 1. januar 2017. Senteret i bygda ligg på Hen, rundt 6 km aust for Åndalsnes. Bygda ligg inst ved den om lag seks kilometer lange Isfjorden, og strekker seg austover, omtrent ei mil innover Grøvdalen og Dalsbygda. Nokre andre grender er Liabygda, Engan, Stein, Tokle, Hatlen, Kavli, Melbø og Moa. Isfjorden er kjent som «konfeksjonsindustriens vogge» i Noreg.

Isfjorden
tettstad
Isfjorden Rauma.jpg
Isfjorden
Foto: per
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Areal 1,22 km²
Folketal 1 322 (2017)
Folketettleik 1 084 / km²
Postnummer 6320 ISFJORDEN
Wikimedia Commons: Isfjorden (village)
Hen kyrkje ligg i Isfjorden

Innhaldsliste

LandskapEndra

Bygda er omkransa av spektakulære fjelltoppar, bl.a Kirketaket, Juratind, Store Venjetind og Romsdalshornet.

Elvane Isa, frå Grøvdalen, og Glutra, frå Dalsbygda, møtast og renn saman ut i Isfjorden. Begge er gode lakseelver.

Kvanndalen er ein sidedal til Dalsbygda. Mot vest kneisar Vengjetindan og i sør ender dalen i Kvanndalstind med Torshammaren. Dalen reknast som ei naturperle, og er ennå fri for menneskelege inngrep som kraftliner og vegar.

Vengedalen er ein sidedal mot sør. Det er ni kilometer bilveg (bomveg) opp til Vengedalsetra og Vengedalsvatnet. Frå enden av bilvegen er det ei kort oppstiging (omtrent 100 høgdemeter) til Litlefjellet (800 meter), herifrå er det utsikt rett over mot Trollveggen og ned Romsdalen til Åndalsnes. Dalen blir nytta som utgangspunkt for fjellklatringStore Venjetind og Romsdalshorn.

Konfeksjonsindustri og NordlandshandelEndra

Isfjorden er kjent som «konfeksjonsindustriens vogge» i Noreg. Grunnen til dette var at det var ein vidfemnande Nordlands-handel. Dei fleste av Nordlandshandlarane i Rauma, kom frå den forholdsvis litle bygda Isfjorden. Denne handelen gav bygda ein enorm optimisme og det blomstra opp med skomakarverkstader og det vart sydd klede nær sagt i alle heimar. Nordlandshandelen utløyste eit eineståande handverksmiljø. Varene var opphavleg heimeproduserte, men etterkvart vart det etablert fleire fabrikkar. Dette gjorde at Isfjorden seinare har blitt kalla konfeksjonsindustriens vogge i Noreg. Ein av konfeksjonsfabrikkane er bevart som minne og industrimuseum, Konfeksjonsmuseet, den tidlegare Oddfred Tokles konfeksjonsfabrikk.

Kjente isfjordingarEndra

BildegalleriEndra

BakgrunnsstoffEndra