Høgeloft er eit 1920 meter høgt fjell som ligg på grensa mellom Lærdal kommune i Vestland og Hemsedal kommune i Buskerud. Fjellet er det nest høgaste i Buskerud etter Folarskardnuten som er 13 meter høgare. Høgeloft vert rekna som den høgaste toppen i fjellområdet Fillefjell. Fjellet er òg det 271. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter, samt det høgaste fjellet i Lærdal kommune og Hemsedal kommune.

Høgeloft
fjell
Høgeloftmassivet, sett frå Rv52. Sjølve toppen er litt lenger bak.
Land  Noreg
Område Lærdal (Vestland);
Hemsedal (Buskerud)
Fjellkjede Filefjell
Høgd 1 920 moh.
Primærfaktor 790 m
Koordinatar 61°3′16.49″N 8°12′45.64″E / 61.0545806°N 8.2126778°E / 61.0545806; 8.2126778
Kart
Høgeloft
61°03′14″N 8°12′49″E / 61.05393°N 8.21373°E / 61.05393; 8.21373

Nordre Høgeloft er ein annan fjelltopå med ei høgd på 1900 moh. Dette er det 290. høgaste fjellet i landet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland og Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.