Høgevard (1459 moh.) (eller Høgevarde) er den nest høgaste toppen på Norefjell. Berre Gråfjell (1468 moh.) er høgare.

Høgevard
fjell
Sikteskiva på toppen av Høgevard
Land  Noreg
Område Flå, Krødsherad (Buskerud)
Fjellområde Norefjell
Høgd 1 459 moh.
Primærfaktor 209 m
Koordinatar 60°17′26.50″N 9°27′31.75″E / 60.2906944°N 9.4588194°E / 60.2906944; 9.4588194
Kart
Høgevard
60°17′26″N 9°27′32″E / 60.290694444444°N 9.4588194444444°E / 60.290694444444; 9.4588194444444

Utsikta frå Høgevard er derimot betre enn utsikta frå det noko høgare Gråfjell, og er den nest beste i heile Noreg. På ein klar dag har ein utsikt over eit område på om lag 40 000 km², meir enn Galdhøpiggen med om lag 35 000 km², og berre slått av Gaustatoppen der ein kan sjå om lag 60 000 km².

Høgevardehytta ligg rett under toppen. Hytta er låst med Turistforeininga sin standardnøkkel.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.