Høgfjellskarse (Cardamine bellidifolia) er ein art i krossblomfamilien. Planta har ei sirkumpolar utbreiing. Høgfjellskarse vert kring 5 cm høg og har snaue mørkgrøne blad på lange skaft. Planten har bladlaus stengel med stivt opprette skulper. Han blomstrar kring juli månad på grus og snøleger i høgfjellet. Høgfjellskarse finst i Noreg frå Setesdal til Finnmark. Han er funnen opp til 2200 m i Jotunheimen.

Høgfjellskarse
Høgfjellskarse
Høgfjellskarse
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Cardamineae
Slekt: Engkarseslekta Cardamine
Art: Høgfjellskarse C. bellidifolia
Vitskapleg namn
Cardamine bellidifolia

Kjelder

endre
  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.