Høgtlesing er ei form for lesing som går ut på å gje ein skriven tekst munnleg form, i motsetnad til stillelesing eller å høyra på ei lydbok.

Bestemor som les høgt for barnebarn.

Ved høgtlesing utfører ein tre hovudoperasjonar:

  1. ein stille, visuell leseoperasjon (eg les, eg forstår)
  2. en taleoperasjon (eg seier det eg har lese og forstått)
  3. ein tilbakemeldingsoperasjon (eg tek omsyn til effekten av talen min på tilhøyraren).

Høgtlesing kan utførast av forfattaren av teksten, av ein profesjonell skodespelar (noko som ofte er tilfelle med lydbøker) eller av ein tilfeldig lesar (elev, lærar, bibliotekar, familiemedlem). Ein kan lesa høgt for seg sjølv eller eit publikum på ein eller fleire personar.

Døme endre

Forfattaren Gustave Flaubert brukte lesa bøkene sine for seg sjølv for å prøva dei ut, ein prosess han kalla «gueuloir». Etter at Jorge Luis Borges blei blind hadde han Alberto Manguel som personleg lesar.[1] Offentleg høgtlesing er derimot gjerne retta mote ei gruppe personar.

 
Jan Off opptrer med høgtlesing.

Høgtlesing kan gje ein tekst ein ny dimensjon ved at forfattaren eller ein dyktig lesar fører boka nærare tilhøyrarane.

Den franske skodespelaren Fabrice Luchinis heldt opplesingframsyningar på teater i 1985 med Voyage au bout de la nuit av Louis-Ferdinand Céline.[2] Den norske skodespelaren Svein Tindberg er blitt kjend for framføring og opplesing av bibeltekstar, fyrst med Markusevangeliet i 1995.[3][4]

I 2017 tok Sonia Dheur for seg opplevinga av høgtlesing blant franske opplesarar og tilhøyrarar i ein studie.[5] Dette er offentlege opplesingar av verk som allereie er gjevne ut ved hjelp av profesjonelle lesarar (ofte kjende skodespelarar) og i nært samarbeid med forfattarar, forleggjarar, bokhandlarar, bibliotekarar, animatørar og kunstnarar.

 
Høgtlesing for ein skuleklasse i California

Høgtlesing er ein klasseaktivitet på same måte som andre leseaktivitetar, som personleg stillelesing. I motsetnad til andre leseaktivitetar krev høgtlesing dugleik i å meistra kode og teiknsetjing slik at lesinga blir jamn og lett forståeleg for tilhøyraren. Høgtlesing er dermed ein aktivitet som kan brukast til leseøving. Lærarar kan også lesa høgt for klassen av ulike grunnar.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Busnel, François (2004). «Alberto Manguel - L'Express». L'Express (på fransk). Henta 18/02/2016. 
  2. 1985 : Lecture de Voyage au bout de la nuit de Louis-Ferdinand Céline, mise en scène Fabrice Luchini, Théâtre du Rond-Point.
  3. KLEIVELAND, ØYVIND (11. juli 2008), «Paven deltar i bibelmaraton», Dagen (på norsk bokmål), henta 2. desember 2022 
  4. Påskefortellingen med Svein Tindberg (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 6. desember 2022, henta 2. desember 2022 
  5. Dheur, Sonia (2017). «La Lecture à voix haute. Entre écriture et oralité, une autorité en jeu». Bulletin des Bibliothèques de France (på fransk) 11: 168-185. Henta 09/04/2020. .

Bibliografi endre

  • Al-Mansour, Nasser Saleh; Al-Shorman, Ra’ed Abdulgader (2011). «The effect of teacher’s storytelling aloud on the reading comprehension of Saudi elementary stage students». Journal of King Saud University - Languages and Translation (på engelsk) 23 (2): 69-76. .
  • Beck, Isabel; McKeown, Margaret (2001). «Text Talk: Capturing the Benefits of Read-Aloud Experiences for Young Children». The Reading Teacher (på engelsk) 55 (1): 10-20. .
  • Farrant, Brad M.; Zubrick, Stephen R. (2013). «Parent–child book reading across early childhood and child vocabulary in the early school years: Findings from the Longitudinal Study of Australian Children». First Language (på engelsk) 33 (3): 280-293. .
  • Oueini, Hanane; Bahous, Rima; Nabhani, Mona (2008). «Impact of Read-Aloud in the Classroom in: a Case Study». The Reading Matrix (på engelsk) 8: 139-157. .