Lydbok
Ei lydbok er ei bok som er innlesen på CD eller kassett, og dermed nyttar tale istaden for tekst. Lydbøker vert ofte nytta av personar med synsvanskar eller er ordblinde. Mange funksjonsfriske nyttar òg lydbøker for å slappe av eller medan ein driv på med andre ting. Dei fleste folkebiblioteka i Noreg har lydbøker til utlån.
FormatEndra
Lydbøker er ofte utgjevne på CD-ar, kassettar eller i digitale filformat (som for eksempel MP3 og Windows Media Audio). I 2005 utgjorde kassettar 16 % av lydbøkene som blei selt, mens 74 % blei selt på CD-er. Lydbøker ein kunne laste ned frå nettet utgjorde 9 %. Dei aller fleste bøker som kan kallast kjende, er også tilgjengelege i lydbokformat.