Gustave Flaubert

fransk skribent

Gustave Flaubert[a] (12. desember 18218. mai 1880) var ein fransk forfattar frå Normandie. Flaubert debuterte og fekk det litterære gjennombrotet sitt med romanen Madame Bovary. Flaubert er ein av dei fremste representantane for den franske realismen, samstundes som han hadde eine foten i romantikken. Flaubert var eit førebilete for naturalismen og gjennom sin finslipte skrivestil for fleire seinare forfattarar. I samtida blei han sjølv og nokre av verka hans sett på som umoralske.

Gustave Flaubert

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 12. desember 1821
Rouen
Død

8. mai 1880 (58 år)
Croisset

Yrke romanforfattar, skribent
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Achille Cléophas Flaubert
Signatur
Gustave Flaubert på Commons

Bakgrunn endre

Gustave Flaubert var fødd i Rouen som andre levande sonen av ein kirurg og overlege, Achille Cléophas Flaubert (1784-1846), og kona hans, Anne Justine Caroline fødd Fleuriot (1793-1872). Han byrja å skriva i ung alder. Flaubert utdanna seg i heimbyen før han drog til Paris for å studera juss i 1840. Han tykte lite om både byen og studia, men blei kjend med nokre viktige personar, som Victor Hugo, Maxime Du Camp og målaren James Pradier, som blei ein god ven. Etter eit epilepsiåtak i 1844 forlét han Paris og studia, og slo seg ned i Croisset ikkje langt frå Rouen. Her dreiv han mellom anna med idrettsaktivitetar som symjing, riding, jakt og fekting.

I 1846 døydde først faren og nokre veker seinare veslesøster hans. Flaubert tok seg av dotter hennar, Caroline, som var fødd nokre månader før. Dette året byrja han også eit tilhøve til forfattaren Louise Colet som varte i fleire år. Dei brevveksla mykje, og Flaubert skreiv mellom anna om diktarverket, det franske språket og tilhøvet mellom mann og kvinne.

Reiser endre

Flaubert utførte fleire reiser som tidvis inspirerte verka hans. Ved slutten av 1840 reiste han til Pyreneane og Korsika. I 1843 følgde familien med på bryllaupsreisa til syster hans, og Flaubert blei inspirert av eit måleri i Balbi-palasset i Genova til å skriva prosadiktet La Tentation de saint Antoine, som han rekna som sitt meisterverk. Frå 1849 til 1852 vitja han saman med Maxime du Camp Det nære Austen, mellom anna Egypt, Jerusalem og Istanbul. I 1858, medan han skreiv romanen Salammbô om oldtidsbyen Kartago, vitja han Tunisia og såg ruinane av byen der.

Forfattar endre

Gustave Flaubert byrja skriva sitt mest kjende verk, Madame Bovary, i 1851 og arbeidde med det i fem år. Det kom først ut som føljetong i tidsskriftet Revue de Paris i 1856, og kom året etter ut i bokform. Boka handlar om Emma Bovary som gjennom romantiske lengslar viklar seg inn i utruskap og gjeld, og til slutt tek livet sitt. Boka blei utsett for ein prosess som gjekk ut på at ho krenkte samfunnsmoralen, men Flaubert blei til slutt frikjend.

L'Éducation sentimentale frå 1869 er ei anna bok av Flaubert som fekk stor seinare innverknad. Ho gjev ei nøktern, men slåande skildring av det tomme ved livet.

I 1866 blei han tildelt Æreslegionen. Flaubert døydde i 1880 i Croisset.

Verk endre

  • Madame Bovary (1857). Norsk omsetting 1951: Fru Bovary.
  • Salammbô (1862). Norsk omsetting 1945.
  • L'Éducation sentimentale (1869). Norsk omsetting 1900: Frederic Moreau. En ung manns historie.
  • La Tentation de saint Antoine (1874)
  • Trois contes : Un cœur simple, La Légende de Saint Julien l’Hospitalier, Hérodias (1877). Norsk omsetting 2002: Tre fortellinger - ISBN 82-7488-124-9
  • Bouvard et Pécuchet (1881). Norsk omsetting 1994: Bouvard og Pécuchet - ISBN 82-7488-008-0
  • Lettres à la municipalité de Rouen (1872)
  • Le Candidat (1874), vaudeville
  • Le Château des cœurs (1880)
  • Mémoires d’un fou (1838)
  • À bord de la Cange (1904)
  • Par les champs et les grèves (1910)
  • Dictionnaire des idées reçues (1913)
  • Œuvres de jeunesse inédites (1910)
  • Lettres inédites à Tourgueniev (1947)
  • Lettres inédites à Raoul Duval (1950)

Merknadar endre

  1. Fransk uttale [ɡystav flobɛʁ]

Kjelder endre

«Gustave_Flaubert» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gustave Flaubert