Aurskog-Høland kommune
kommune i Viken fylke i Noreg
(Omdirigert frå Aurskog-Høland)
Aurskog-Høland er ein kommune aust i Viken fylke. Målt i areal er Aurskog-Høland den største kommunen i Akershus. Han grensar til Nes i nord, til Eidskog, og Eda kommun i Sverige i aust, til Marker og Indre Østfold i sør og til Lillestrøm i vest. Aurskog-Høland er den einaste norske kommunen som grensar mot to fylke og et anna land.
Aurskog-Høland kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Adm.senter | Bjørkelangen | ||
Areal | 1 144,80 km² | ||
- land | 1 053,77 km² | ||
- vatn | 91,03 km² | ||
Folketal | 17 945 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Gudbrand Kvaal (Sp) | ||
Kommunenr. | 3026 | ||
![]() Aurskog-Høland kommune | |||
Wikimedia Commons: Aurskog-Høland | |||
Nettstad: aurskog-holand.kommune.no | |||

Foto: Tommy Gildseth
Kommunen oppstod i 1966, ved samanslåinga av kommunane Aurskog, Setskog, Søndre Høland og Nordre Høland. Den 1. januar 2020 vart Rømskog kommune i Østfold fylke slege saman med Aurskog-Høland, samstundes som Østfold, Akershus og Buskerud vart slegne saman til nye Viken fylke.[1] Aurskog-Høland låg tidlegare i Akershus fylke.
Folk frå Aurskog-Høland endre
- Engebret Soot (1786-1859), ingeniør
Kjelder endre
- ↑ Sandvik, Siv (22. februar 2017), «Slik endres norgeskartet», NRK (på norsk bokmål), henta 2. januar 2020
Bakgrunnsstoff endre
- Aurskog-Høland (Offisiell nettstad)Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.