H.E. Larsen
Hans Edvard Larsen (1821–1879) var ein norsk typograf og boktrykkar frå Kristiania. Han dreiv frå 1850-åra eit prenteverk i heimbyen som mellom anna trykte nokre av dei siste årgangane av Dølen.
I 1853 var Larsen typograf hos boktrykkar Christian Schibsted. Seinast i 1859 dreiv Larsen eige trykkeri, men det var fyrst då han i 1866 etablerte nytt prenteverk i Øvre Slottsgate 16[1] han byrja prente bøker. Åra 1868 og 1869 vart Storegut av A.O. Vinje, Minningar fraa Maalstriden um hausten 1858 av Ivar Aasen, Nokre Salmar av Elias Blix og Ein Soge-Bundel av Hans Ross trykt hos H.E. Larsen. Seinare kom Heimskringla av Snorre Sturlason i nynorsk omsetjing i 1874 og Aasta Hansteens Kvinden, skabt i Guds Billede i 1878.
Larsen levde ugift.
Kjelder
endre- ↑ Annonse i Morgenbladet 3. januar 1867