HaBonim i Israel
HaBonim (hebraisk skrift הַבּוֹנִים, Byggjarar) er ein moshav shitufi nord i Israel. Han ligg 5 km sør for Atlit og 3 km nord for kibbutz Nahsholim og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 259.
HaBonim | |||
kibbutz | |||
Moshav HaBonim, 1950
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Karmelberget | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Hof HaCarmel | ||
Koordinatar | 32°38′9.23″N 34°55′57.36″E / 32.6358972°N 34.9326000°E | ||
Folketal | 345 (2015) | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | HaBonim-rørsla | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
HaBonim i Israel 32°38′09″N 34°55′57″E / 32.635897222222°N 34.9326°E | |||
Kart som viser HaBonim i Israel.
| |||
Wikimedia Commons: HaBonim |
Historie
endreMoshaven vart grunnlagd i 1949 av HaBonim-rørsla på landområde som høyrte til den avfolka palestinske landsbyen Kafr Lam. Dei første innbyggjarane kom frå Storbritannia og Sør-Afrika. Han vart nasjonalt kjend 11. juni 1985 på grunn av HaBonim-katastrofen, då ein buss og eit tog kolliderte, og 22 menneske mista livet, 19 av dei skulebarn. Det vart reist eit minnesmerke ved skinneovergangen.[1]
Landemerke
endreAust i moshaven ligg ruinane av mellomalderborga Cafarlet, som stundom vert kalla HaBonimborga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «HaBonim, Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 140. ISBN 965-7184-34-7. (he)
Bakgrunnsstoff
endre- Cafarletborga Arkivert 2008-06-04 ved Wayback Machine. på Gemsinisrael.com