HaMa'apil (hebraisk skrift הַמַּעְפִּיל, tyder Den ulovlege immigranten) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg nær Ahituv i Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 499.

HaMa'apil
הַמַּעְפִּיל
kibbutz
Land  Israel
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°22′40″N 34°59′0″E / 32.37778°N 34.98333°E / 32.37778; 34.98333
Folketal 807 (2015)
Grunnlagd 2. november 1945
 •  Grunnlagd av Sentraleuropeiske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
HaMa'apil
32°22′40″N 34°59′00″E / 32.377777777778°N 34.983333333333°E / 32.377777777778; 34.983333333333
Kart som viser HaMa'apil.
Kart som viser HaMa'apil.
Kart som viser HaMa'apil.
Wikimedia Commons: HaMa'apil

Samfunnet vart grunnlagd i Hadera i 1938 av ei gar'in-gruppe som bestod av Hashomer Hatzair-medlemmar som hadde immigrert frå Galicia, Polen, Tyskland og Austerrike. Gruppa fekk opplæring i Beit Zera, Ma'abarot og Merhavia. Dei fleste medlemmane var ulovlege immigrantar (på hebraisk kalla Ma'apilim) til Palestinamandatet.

Sjølve kibbutzen vart grunnlagd den 2. november 1945 på landområde kjøpt av Yehoshua Hankin i 1932 frå den arabiske landsbyen Qaqun.[treng kjelde]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre