Haakon Ditlef Lowzow
Haakon Ditlef Lowzow (5. oktober 1854–12. august 1915) var ein norsk general frå Kristiania som var forsvarsminister 1908-09.
Haakon Ditlef Lowzow | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. oktober 1854 Løten kommune |
Død |
12. august 1915 (60 år) |
Yrke | politikar, offiser |
Politisk parti | Venstre |
Haakon Ditlef Lowzow på Commons |
Lowzow var son ein oberst. Han var sjølv offiser i kavaleribrigaden frå 1876, med rang av rittmeister frå 1891 og oberstløytnant frå 1904. Den 11. april 1908 vart han utnemnd til ny forsvarsminister i den ferske regjeringa leia av Gunnar Knudsen. I regjeringa hadde han til hovudoppgåve å gjennomføre ei ny hærordning. Han møtte stor motstand i Stortinget, noko som førte til at han tok avskjed 20. august 1909. Der etter vart han forfremja til generalmajor og var generalinspektør for kavaleriet til han døydde i 1915.
Lowzow gav ut fleire «krigshistoriske og militærpolitiske skrifter». Mellom anna skreiv og gav han i 1896 og -97 ut verka Minder fra Norges krige og Norges Forsvar.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914