Haapsalu (tysk og svensk Hapsal; russisk Хаапсалу, tidlegare Гапсаль) er ein ferieby og kommune på vestkysten av Estland. Han har vore kjend i fleire hundreår for den varme sjøen, den lækjande gjørma og den fredfulle atmosfæren. Mange smale gater med trehus frå tidleg på 1900-talet leier ned mot sjøen. Haapsalu har vorte kalla «Nordens Venezia» på grunn av vatn på alle kantar.[2] Under den kalde krigen låg flybasen Tokhaapsalu sørvest for byen.

Haapsalu
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Estland
Fylke Lääne maakond
Areal 11,09 km²
Folketal 9 812 (1. januar 2023)[1]
Kart
Haapsalu
58°56′49″N 23°32′13″E / 58.946944444444°N 23.536944444444°E / 58.946944444444; 23.536944444444
Wikimedia Commons: Haapsalu
Dronevideo av Haapsalu 2022.

Byen er hovudstad i fylket Lääne maakond.

Historie

endre

Byen har ei soge som startar i 1279, då han fekk byrettar og vart sete for bispedømet Ösel-Wiek. Dette var han dei neste 300 åra. Det finst framleis bygningar frå desse åra i i dag, irekna bispepalasset med kyrkja som har det største enkle kyrkjeskipet heile Baltikum, Haapsalu-borga.

I mange år har dei lokale innbyggjarane hevda at gjørma frå havet har lækjande effekt. Ein militærlege, Carl Abraham Hunnius, grunnla den første kurstaden i byen i 1825. Nyhende om den lækjande gjørma nådde aristokratiet i St. Petersburg, som då var hovudstad i Det russiske riket. Sidan den gongen har Haapsalu vore ein populær feriestad for folk frå heile verda som kjem hit for behandling. I dag finst det tre slike senter i Haapsalu.

Haapsalu og det omliggjande området var senter for den svenske folkesetnaden i Estland frå 1200-talet til dei fleste vart tvinga ut av landet i 1944.

På 1800-talet var Haapsalu kjend for Haapsalu-sjalet, eit framifrå handverk laga av dei lokale kvinnene.

Bilete

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Haapsalu