Hableh (arabisk skrift حبله, òg skrive Hable, Habla, Hablah, Hibla eller Hiblah; hebraisk skrift חבלה) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement nordvest på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Hableh eit folketal på over 6 150 innbyggjarar i 2006.[2]

Hableh
حبله, חבלה, Hable, Habla, Hablah, Hibla, Hiblah
kommune
Namneopphav: Gravid[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Qalqilya guvernement
Koordinatar 32°09′53″N 34°58′38″E / 32.16472°N 34.97722°E / 32.16472; 34.97722
Areal 10,9 km²
Folketal 6 150  (2006)
Folketettleik 564 / km²
Kart
Hableh
32°09′53″N 34°58′38″E / 32.16472222°N 34.97722222°E / 32.16472222; 34.97722222
Wikimedia Commons: Hableh

Habla ligg ligg like aust for Den grøne linja, kring 1,5 km søraust for den palestinske byen Qalqilya, på Vestbreidda.[3][4]

Historie endre

Det ligg dusinvis av graver, med nisjer, i området, i tillegg til fleire cisterner. Gravtypen indikerer at dei er kristne.[5] Ein har òg funne ruinar av ein eldgammal moské og hus i landsbyen.[6] Under osmansk styre i Palestina stod Hableh oppført i osmanske skattelister i 1596, der han er oppført som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 41 muslimske hushaldningar.[7]

Edward Robinson og Eli Smith vitja Hableh midt på 1800-talet og skildra staden i sørsida av ein låg rygg oppom ein slette, der ein kunne sjå landsbyane Kilkilieh, Kfer Saba, Jiljulieh og Ras al Ain.[8] Sør for landsbyen og nord for ein wali fann Robinson og Smith fleire cisterner hogge ut i berget.[8][9]

Victor Guérin vitja Hableh seinare dette hundreåret, og estimerte at landsbyen hadde 800 innbyggjarar, og at nokre få hus, men særleg moskéen, var bygde med store steinar som tilsynelatande var frå antikken. Han òg noterte dei gamle uthogde cisternene kring landsbyen.[10] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Hableh som ein «mellomstor landsbyen, tydelegvis gammal, omgjeve av cisterner og graver. Husa er hovusakleg av stein. Vassforysninga kjem frå cisterner.»[11]

Etter fyrste verdskrigen tok britane over styret i Palestina og viseguvernøren i Nablus vart stasjonert i Habla.[12] I mandattida var Hableh ein del av Tulkarm underdistrikt.

I folketeljinga i 1922 hadde Hableh eit folketal på 271, alle muslimar,[13] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 86 busette hus med eit folketal på 397, framleis alle muslimar.[14] Mot slutten av mandattida, i 1945, hadde folketalet auka til 580.[15]

Innbyggjarane i Habla var blant dei 10 000 palestinarane som vart forflytta etter seksdagarskrigen i 1967.[16] I følgje Nur Masalha dreiv israelske styrkar bort sivile og øydela Habla og fleire andre landsbyar under krigen.[17]

Sperremuren endre

I følgje ein rapport i The Jerusalem Times den 24. januar 1996, byrja israelske bulldosarar og jamne ut eit 1,7 kvadratkilometer stort område som høyrte til Hiblah for å byggje eit elektrisk gjerde som skulle skilje byane Tulkarm og Kalkiliya frå den grøne linja. Same dagen vart ein innbyggjar i Hiblah skoten i hovudet av israelske soldatar som skaut mot palestinarar som prøvde å stoppe bulldosarane. I februar same året vart det rapportert at tryggingsgjerdet som vart bygd på området til Hibla skulle vere 22 km langt og skilje landsbyen frå den israelske busetjinga Matti.[18]

Bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda nord for landsbyen på 2000-talet endra livet til innbyggjarane i Habla. Kvar morgon kl. 05 møtte dei opp ved ein port i gjerdet som låg kring Habla. Her vart dei passa på av soldatar frå Det israelske forsvaret (IDF) medan dei venta kring to timar på å sleppe gjennom til ei lukka militærsone, der dei prøvde å dyrke jorda som dei eigde, eller dra inn til Qalqilya for å arbeide.[19]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 229.
  2. Projected Mid -Year Population for Qalqiliya guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-02-07 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  3. Cook, Catherine (3. september 2003). «Final Status in the Shape of a Wall». Middle East Report Online (MERIP). Arkivert frå originalen 25. mai 2010. Henta 29. april 2010. 
  4. Masalha, 2003, s. 199
  5. Conder og Kitchener, 1882, s. 321
  6. Dauphin, 1998, s. 803.
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 134.
  8. 8,0 8,1 Robinson and Smith, 1857, s. 136.
  9. Robinson, 1858, s. 528.
  10. Guérin, 1875, s. 367-368.
  11. Conder og Kitchener, 1882, s. 284
  12. The Encyclopædia Britannica, 1922, s. 19.
  13. J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table IX, Subdistrict of Tulkarem, s. 27. 
  14. Mills ed., 1932, s. 134.
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 75
  16. Masalha, 2005, s. 11, 19 (fotnote #32).
  17. Masalha, 2003, s. 205.
  18. Special Committee to Investigate Israeli Practices Affecting the Human Rights of the Palestinian People and Other Arab of the Occupied Territories (21. august 1996). «Report of the Special Committee to investigate Israeli practices affecting the human rights of the Palestinians and other Arabs of the occupied territories». UNISPAL. Arkivert frå originalen 23. september 2015. Henta 5. september 2015. 
  19. Westervelt, Eric (April 6, 2009). «Waiting To Cross No Man's Land». National Public Radio (NPR). Henta 5. september 2015. 

Bakgrunnsstoff endre