Opna hovudmenyen

Hadhramaut eller Hadramawt (arabisk حضرموت Ḥaḍramawt) er eit guvernement i Jemen. Det ligg i den store historiske regionen Hadhramaut, og er det største guvernementet i landet.

Hadhramaut
حضرموت
guvernement
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Koordinatar 16°40′N 49°30′E
Hovudstad Al Mukalla
Areal 191 737 km²
Folketal 1 255 000 (2011) [1]
Folketettleik 7 / km²
Hadramaut in Yemen.svg
Wikimedia Commons: Hadhramaut Governorate
Den arabiske halvøya i 1914.

Det administrative senteret er byen Al Mukalla. Andre byar i Hadhramaut er dei historiske byane Shibam, Sena, Seiyun, Tarim og Ash Shihr. Området vart hardt råka av kraftig nedbør under flaumar i 2008, der tusenvis vart heimlause og mange bygningar vart øydelagde.

Sokotra-øyane var ein del av Hadhramaut guvernement frå 2004 (då dei vart flytta frå 'Adan guvernement) til desember 2013, då dei danna eit nytt Soqatra guvernement.

DistriktEndra

KjelderEndra

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Henta 28. mai 2016.