Hadleycelle
Hadleycella er eit sirkulasjonsmønster som dominerer den tropiske troposfæren med stigande rørsler nær ekvator, og ein luftstraum mot polane 10-15 km over bakken. I subtropiske strøk søkk lufta ned mot bakken igjen før ho strøymer tilbake til ekvator nær bakken. Denne sirkulasjonen skapar passatvinden, det tropiske regnbeltet, subtropiske ørkenar og jetstraumar.
Drivkrafta som står bak den atmosfæriske sirkulasjonen er soloppvarming, som i gjennomsnitt er størst nær ekvator og minst ved polane. Den atmosfæriske sirkulasjonen transporterer energi mot polane for å redusere temperaturskilnadane mellom ekvator og polområda. Prosessane som fører energien mot polane er derimot litt forskjellig i tropane og utanfor tropane.
Hadleycella oppstår mellom 30 ºN og 30 ºS, ei på kvar side av ekvator. Energitransporten er ei relativt enkel omvelting i atmosfæren, som skildra like over her. På høgare breidder er det meir kompliserte prosessar som fører energien vidare mot polane i form av syklonar og antisyklonar. Desse fører relativt varme luftmassar mot polane, og relativt kalde luftmassar mot ekvator.
Mekanismen til ei hadleycelle
endreSoloppvarminga er sterkast nær ekvator, så lufta nær bakken vert varmare enn den omliggande lufta, og har dermed mindre tettleik. Lufta nær ekvator vil derfor byrje å stige, og stig heilt til ho når tropopausen i toppen av troposfæren. Dette området vert kalla den intertropiske konvergenssona, og er kjenneteikna med kraftige torebyer. Over tropopausen er lufta så stabil at den stigande lufta vert pressa ut horisontalt, og strøymer mot polane. Medan lufta strøymer mot polane i høgda vert ho avbøygd mot høgre på den nordlege halvkula og mot venstre på den sørlege, på grunn av jordrotasjonen og corioliskrafta. Dette skapar ein subtropisk jetstraum frå vest mot aust i høgda.
Lufta i høgda er mykje kaldare enn nede ved bakken, og etter kvart som lufta strøymer mot polane vert ho avkjølt, og til slutt er lufta så kald at ho byrjar å falle igjen. Dette skjer på breiddegrader rundt 30º. Denne søkkande lufta, kalla subsidens, skapar svært tørre forhold i atmosfæren og dannar det subtropiske høgtrykket. Landområda på desse breiddegradene er blant dei tørraste i verda, og store delar av verda sine ørkenar finst her.
Når lufta har nådd ned til bakken strøymer ho tilbake mot ekvator for å fylle igjen lågtrykket som har danna seg ved overflata der på grunn av den stigande lufta. Denne luftstraumen vert òg avbøygd av corioliskrafta, og skapar ein austleg vind på kvar side av ekvator. Denne vinden har fått namnet passatvind.
Historikk
endreTidleg på 1700-talet prøvde den engelske advokaten og amatørmeteorologen George Hadley å finne ut kva som gjorde at passatvinden bles mot vest i staden for rett sørover. Edmond Halley, astronomen som har fått kometen kalla opp etter seg, hadde nokre år tidlegare laga ein teori om at det var soloppvarminga som skapte stigande rørsler over ekvator, men han kunne ikkje forklara kvifor passatvinden var austleg. Det var Hadley som først forstod at det var den roterande jorda som førte til denne effekten. Arbeidet Gaspard-Gustave Coriolis gjorde hundre år seinare førte til at ein kunne vise dette matematisk, men det var oppdaginga til Hadley som førte til at denne tropiske sirkulasjonen har fått namnet hans.
Området med subsidens i hadleycella vert på engelsk kalla «horse latitudes» (hestebreiddegradene). Dette kjem av at seglarar i gamal tid, som var avhengig av vind for å kome fram, ofte kunne bli liggande i ro i lang tid i dette rolege høgtrykksområdet. Dette var vanlegvis dårlege nyhende for hestar som var om bord, sidan dei vart kasta overbord for å spare på drikkevatnet.