Ein syklon er eit område med lågt trykk i atmosfæren som er karakterisiert ved vind som på nordlege halvkule bles mot klokka i ein spiral inn mot senteret av lågtrykket. På sørlege halvkule er vindretninga med klokka rundt syklonen.

Radarbilete av ein tropisk syklon på nordlege halvkule.

Syklon er eit generelt meteorologisk omgrep som dekkjer ei rekkje forskjellige roterande system, som tropiske syklonar, ekstratropiske syklonar og tornadoar, og blir sjeldan brukt utan at det er spesifisert kva type syklon det er snakk om.

Opphav endre

Det finst fleire teoriar på korleis omgrepet «syklon» oppstod. Enkelte meiner det først vart brukt av Henry Piddington rundt 1840, og at det kjem av det greske ordet «kyklon» som tyder sirkelrørsle. Andre meiner at Piddington tok ordet frå det greske ordet «cyclos» som tyder «kveila som ein slange».

Struktur endre

Det er fleire strukturelle eigenskapar som er felles for alle typar syklonar. Senteret av syklonen er området som har lågast lufttrykk. I fullt utvikla tropiske og subtropiske syklonar vert senteret kalla «auget». Nær senteret av syklonen må trykkgradientkrafta og corioliskrafta vere i tilnærma balanse, elles ville syklonen ha kollapsa inn i seg sjølv på grunn av trykkskilnadane. Lufta strøymer rundt syklonar mot klokka på nordlege halvkule og med klokka på sørlege halvkule på grunn av corioliseffekten.

Kategoriar endre

Dei forskjellige syklontypane har i tillegg spesielle eigenskapar som gjer at vi kan definere dei som polare syklonar, polare lågtrykk, ekstratropiske syklonar, subtropiske syklonar, tropiske sykloner eller mesosyklonar (som er dei seks hovudgruppene).

Polar syklon endre

Ein polar syklon (òg kalla arktisk syklon) er eit stort område med lågtrykk. Dei er ikkje det same som polare lågtrykk som har likskapstrekk med tropiske syklonar.

Ein polar syklon dekkar vanlegvis eit område på 1000-2000 km der lufta strøymer mot klokka (på nordlege halvkule).

Polart lågtrykk endre

 
Polart lågtrykk i Barentshavet 27. februar 1987.

Eit polart lågtrykk er eit småskala lågtrykkssystem som ein finn i havområde på polsida av polarfronten på nordlege og sørlege halvkule. Systemet har vanlegvis ein horisontal lengdeskala på mindre enn 1000 km og varer berre ein dag og to. Fordi polare lågtrykk oppstår i havområde der det ofte er langt mellom observasjonar, er dei ofte vanskelege å oppdage, og kan vere ein stor fare for skipstrafikk og gass- og oljeplattformar.

Ekstratropisk endre

 
Eit oppdikta synoptisk plott av ein ekstratropisk syklon som treffer Storbritannia. Dei blå pilene mellom isobarane viser vindretning. Legg merke til den okkluderte, kalde og varme fronten

Ein ekstratropisk syklon er eit lågtrykksynoptisk skala som ein finn på midlare breidder, og som verken har eigenskapane til tropiske og polare syklonar. Dei oppstår i samband med vêrfrontar og horisontale temperaturgradientar i område kjend som barokline soner. Dette er den typen syklon me her i Noreg kjenner som lågtrykk.

Omgrepet «ekstratropisk» tyder at syklonen oppstår utanfor tropane, på midlare breidder, men i visse tilfelle kan tropiske syklonar bli omforma til ekstratropiske syklonar.

Sjølv om ekstratropiske syklonar som regel vert klassifisert som barokline, siden dei blir danna i område med temperaturgradientar, kan dei seint i livssyklusen bli barotrope når temperaturfordelinga rundt syklonen er meir jamnt fordelt.

Subtropisk endre

Ein subtropisk syklon er eit vêrsystem som har nokre av eigenskapane til tropiske syklonar, og nokre av eigenskapane til ekstratropiske syklonar. Dei kan oppstå i område frå ekvator til 50º nord eller sør.

Tropisk endre

 
Syklonen Catarina, ein sjeldan tropisk syklon i Sør-Atlanteren sett frå Den internasjonale romstasjonen 26. mars 2004.

Ein tropisk syklon er eit stormsystem som blir driven av frigjeven varme frå fuktig luft som stig og kondenserer. Omgrepet tyder at syklonen oppstår i tropane og har syklonske eigenskapar. Sidan det er varmemekanismar som driv dei, er dette system med varm kjerne, medan dei fleste andre syklonar har kald kjerne.

Tropiske syklonar har forskjellige namn etter kvar dei oppstår og kva styrke dei har, slik som orkan, tyfon, syklon, tropisk storm og tropisk lågtrykk.

Tropiske syklonar kan produsere ekstremt kraftig vind, tornadoar, enorme mengder regn, høge bølgjer og stormflod. Det kraftige regnet og stormfloda kan føre til omfattande flaum. Sjølv om konsekvensane ofte er katastrofale, kan dei t.d. ende lange tørkeperiodar. Dei fører varme bort frå tropane, og spelar ei viktig rolle i den globale atmosfæriske sirkulasjonen som opprettheld likevekt i troposfæren.

Mesoskala endre

Ein mesosyklon er eit stort område med vertikalt roterande luft, vanlegvis i samband med dei stigande luftrørslene til superceller. Mesosyklonar fører ofte til kraftig vind på overflata og kraftig hagl. I tillegg er dei ein av hovudårsakene til danninga av tornadoar.

Syklonar og antisyklonar
Ekstratropisk syklonMesosyklonPolarsyklonPolart lågtrykkSubtropisk syklonTropisk syklon

Referansar endre