Hadron er eit samleomgrep for elementærpartiklar som er karakteriserte av sterk vekselverknad. Hadrona er bygt opp av kvarkar og antikvarkar. Det finst to typar hadron: Meson som består av éin kvark og éin anti-kvark og har eit heiltalig spinnkvantetal, og baryon som består av tre kvarkar med halvtalige spinnkvantetal. Andre kombinasjonar kan eksistere, slik som tetrakvarkar (eksotiske meson) og pentakvarkar (eksotiske baryon), men per 2010 finst det ingen bevis for at desse eksisterer.

Kvarkstrukturen hos eit proton

Dei best kjente mesona er pion og kaon, medan dei mest kjende baryona er proton og nøytron.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre