Hagiografi (frå gresk hagios og grafein, «å skriva om heilage»)[1] er biografiar av helgenar (heilage person) eller kyrkjeleiarar. Desse kristne skriftene er studiet av helgenar med fokus på livet til enkeltpersonar og mirakla deira. Studiet av helgenar som fenomen, utan fokus på dei enkelte helgenane, blir kalla hagiologi. Hagiografi kan òg visa til skriftene som resulterer frå studiet, som har utvikla seg som ein eigen litterær sjanger. Sjangeren var ideologisk viktig for den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja, den anglikanske kyrkja, dei orientalsk-ortodokse kyrkjer, og kyrkjene i aust. Andre religionar som buddhisme,[2] hinduisme,[3] islam og sikhisme har òg framstilt og halde oppe hagiografiske tekstar (som Janamsakhis i sikhismen) som handlar om helgenar, guruar og andre enkeltpersonar som ein meiner var fylte med ei form for heilag makt.

Ei side frå Vita Sancti Martini av Sulpicius Severus

I dei fyrste hundreåra til den kristne kyrkja utvikla hagiografien seg til å bli ein viktig litterær sjanger. Han kombinerer historisk informasjon, som er interessant for akademikarar, med historier og legender som er inspirerande og dermed interessante for eit mykje breiare publikum. Dei fyrste skriftene var martyrium, som skildra døden til ein martyr. Seinare, og særleg etter at dei store forfølgingane ebba ut, byrja ein å fokusera på livet til helgenen meir enn døden hans, og dette kunne bli skildra i eit vita («liv»).

I mellomalderen var hagiografi eit viktig særstudium innan både historie og religion, og kunne ofte innehalda verdifulle nedteikningar av lokal historie og institusjonar. Dei kunne vera dokumentasjon på folkelege og populære kultar, skikkar og tradisjonar.[4] Samtidig var hagiografi eit ideologisk verk som i stor grad ikkje var knytt til historiske kjensgjerningar. Fleire helgenbiografiar blei skrivne fleire hundreår etter at den påstått helgenen var død, og forfattarane tok seg store fridommar for å dikta inn kva ein ikkje visste. I mange tilfelle tenderte helgenbiografiane til å skriva av kvarandre, og der den eine helgenbiografien til forveksling var lik den andre, og den historiske verdien av desse forteljingane er minimale. I moderne tid kan omgrepet hagiografi bli nytta nedsettande om eit biografiar og forteljingar kvar forfattarane er ukritiske eller servile til emnet sitt. Delvis som ein reaksjon på dette finst det i dag hagiografiske miljøet bollandistene, oppkalla etter Jean Bolland, eit vitskapleg selskap i Belgia (Société des Bollandistes) som utgir Acta Sanctorum, ein særs omfattande, kjeldekritisk katalog over helgenar og livet deira.[5]

Kjelder endre

  1. «hagiography (n.)», Online Etymology Dictionary
  2. Augustine, Jonathan (2012): Buddhist Hagiography in Early Japan, Routledge, ISBN 978-0415646291
  3. Lorenzen, David (2006): Who Invented Hinduism?, Yoda Press, ISBN 978-8190227261, s. 120-121
  4. Davies, S. (2008): Archive and manuscripts: contents and use: using the sources, 3. utg. Aberystwyth, UK: Department of Information Studies, Aberystwyth University, ISBN 978-1-906214-15-9, s. 5.20
  5. Société des Bollandistes