Haile Selassie I av Etiopia
Haile Selassie I (23. juli 1892–27. august 1975) var keisar av Etiopia frå 2. april 1930 til 12. september 1974.
Haile Selassie I av Etiopia | |||
| |||
Hans keisarlege majestet, keisar Haile Selassie I, Løva av Juda, Guds utvalde, konganes konge av Etiopia | |||
Amharisk (geez) | Oppahvleg Lij Tafari Makonnen (ልጅ ተፈሪ መኰንን, lǝǧ Täfäri Mäkonnǝn)
Som keisar Haile Selassie (ኃይለ፡ሥላሴ, Haylä Sǝlase) | ||
---|---|---|---|
Fødd | 23. juli 1892 | ||
Fødestad | Ejersa Goro | ||
Død | 27. august 1975 | ||
Dødsstad | Addis Abeba | ||
Gravstad | Treenighetskatedralen | ||
Gift med | Menen Asfaw | ||
Dynasti | Det salomonske dynasti | ||
Far | Makonnen Woldemikael Gudessa | ||
Mor | Yeshimebet Ali | ||
Born | Tenagnework, Amha Selassie, Romanework, Zenebework, Tsehai, Prins Makonnen, Hertug av Harar, Sahle Selassie |
Haile Selassie var av fyrsteleg slekt. Då han vart fødd fekk han først namnet Lij Tafari Makonnen. Han fekk status som tronfølgjar i 1916. Keisarinna Zewditu (Zäwditu ዘውዲቱ) utnemnde han til konge i 1928. Då ho døydde, vart han keisar. Namnet hans som keisar, Haile Selassie, tyder 'treeiningas makt'.
Under den italienske invasjonen av Etiopia 1936-1941 levde han i eksil i Storbritannia. Då okkupasjonen var slegen attende, kom han attende og regjerte fram til han vart avsett i eit militærkupp i 1974. Han døydde i fengsel i 1975.
Tilhengjarane av religionen rastafari ser på Haile Selassie som Messias. Ordet «rastafari» er samansett av ras ራስ 'hovud; hertug', og täfäri ተፈሪ, som var det opphavlege mellomnamnet hans.