Hajla
Hajla (albansk Hajlë eller Hajla, serbisk Хајла) er eit fjell mellom Kosovo, Serbia og Montenegro. Det har fleire toppar på over 2000 meter over havet. Det høgaste er på 2403 moh og sjølve toppen heiter òg Hajla. På nordsida av fjellet har elva Ibar kjelda si, og frå sørsida renn elva Pećka Bistrica. Hajla er òg det høgaste fjellet i den nordlege delen av Prokletije. I Kosovo dannar Hajla ein del av den 25 km lange Rugovakløfta. Den næraste byen er Peć i Kosovo.
Hajla | |||
fjell | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Prokletije | ||
Høgd | 2 403 moh. | ||
![]() Hajla | |||
Wikimedia Commons: Hajla | |||
Høgaste toppar endre
- Hajla (2403 m)
- Vranovačka Hajla (2281 m)
- Dramadol (2120m)
- Škreljska Hajla (2011 m)
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Hajla» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2009.