Ibar (serbisk Ибар) er ei elv i Serbia, Kosovo og Montenegro med ei lengd på 276 km. Ho spring ut aust i Montenegro og renn inn i Zapadna Morava, sentralt i Serbia nær Kraljevo.

Ibar
elv
Land  Montenegro,  Serbia  Kosovo
Nedslagsfelt 8 059 km²
Lengd 276 km
Middelvassføring 60 /s
Kjelde Hajla aust i Montenegro
Munning Vest-Morava ved Kraljevo
Kart
Ibar
42°47′44″N 20°05′08″E / 42.7956°N 20.0856°E / 42.7956; 20.0856
Wikimedia Commons: Ibar

Ho høyrer til Svartehavet sitt nedslagsfelt og har eit eige nedslagsfelt på 8 059 km² og ei gjennomsnittleg vassføring ved munningen på 60 m³/s. Elva er ikkje framkommeleg for elvefart.

Leia endre

Ibar har kjelda si frå seks småelvar i fjellet Hajla aust i Montenegro. Ho renn generelt nordaustover og gjennom eit par landsbyar før ho renn inn i Serbia. Ho renn gjennom det meste av dei sørlege områda av Sandžak. Ein av to hovudvegar mellom Serbia og Montenegro følgjer elvar i denne delen. Nær landsbyen Vitkovići snur elva sørover og går inn i Kosovo. Ho held fram sørover til byen Kosovska Mitrovica og her tar ho ein krapp u-sving og snur nordover igjen og tilbake til sjølve Serbia. Her mottar Ibar den største sideelvar, Sitnica, frå høgre. Andre store sideelvar er Raška, Studenica og Lopatnica frå venstre og Jošanica.

Ved Gazivode er elva demt opp og reservoaret Gazivodesjøen (areal 11,9 km², høgd 693 m, djup 105 m) er danna. Vatnet i innsjøen vert nytta av industri- og gruveområda i Kosovska Mitrovica/Trepča-området. Nedanfor Gazivode ligg eit anna reservoar, Pridvoricesjøen. Desse innsjøane vatnar eit område på 300 km³.

Etter å ha passert landsbyane Žiča og Kraljevo munnar ho til slutt ut i Zapadna Morava.

Kjelder endre