Halamish (hebraisk skrift חַלָּמִישׁ, tyder Flint), òg kalla Neveh Tzuf (hebraisk skrift נווה צוף, tyder Nektarheimen), er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, sørvest i Samariafjella og nord for Ramallah, 10,7 kilometer aust for Den grøne linja. Det ortodokse jødiske samfunnet har eit folketal på 1 054 (2009) og vart grunnlagd i 1977. Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune.

Halamish
landsby
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Mateh Binyamin
Koordinatar 32°0′29.07″N 35°7′37.98″E / 32.0080750°N 35.1272167°E / 32.0080750; 35.1272167
Folketal 1 054  (2009)
Grunnlagd 1. november 1977
 - Grunnlagd av Gush Emunim
Tilhøyrsle Amana
Kart
Halamish
32°00′29″N 35°07′38″E / 32.008075°N 35.127216666667°E / 32.008075; 35.127216666667
Wikimedia Commons: Halamish

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Kjelder endre

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.