59°7′43.496″N 11°22′32.362″E / 59.12874889°N 11.37565611°E / 59.12874889; 11.37565611

Halden sjukehus i september 2010.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Halden sjukehus er eit sjukehus i Halden. Det er teikna av Ole Øvergaard og innvia 11. november 1952.[1][2] Da sjukehuset opna hadde det 60 sengar på indremedisinsk avdeling og 60 på kirurgisk. Halden sjukehus var det første nye sjukehuset som vart bygd i Noreg etter andre verdskrig. Det fekk fødeavdeling i 1955.[2]

Sjukehuset er freda av Riksantikvaren.[1]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Freder norsk helsehistorie frå Riksantikvaren
  2. 2,0 2,1 Historie Halden Arkivert 2016-10-03 ved Wayback Machine. frå Sjukehuset Østfold

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Halden sjukehus