Hall Torarinsson (norrønt: Hallr Þórarinsson) var ein islandsk skald som levde på Orknøyane på 1100-talet.

Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga[1] (kap. 81). Der er det opplyst at han var son til Torarin Breidmage (Þórarinn breiðmagi), og ein gong i tida etter 1140 kom han ombord på eit islandsk skip til Orknøyane.

Først budde han hjå Torstein og Ragna på Rinansøy (i dag North Ronaldsay). Han treivst ikkje der og sende Torstein sin son for å be om ein plass i hirda til Ragnvald jarl. Han fekk avslag, og på spørsmål frå Ragna om korleis det hadde gått, gjorde Hall dette diktet[2]:

Sendak son þinn, Ragna,
- sǫnn koma môl fyr bragna -
- hans vas hôlig iðja -
hirðvistar mér biðja.
Hafa kvezk hodda rýrir,
hinns mestum veg stýrir,
- neitti grúpans granna -
gnótt vígligri manna.
Eg sende son din, Ragna,
te' søkja hirdvist for meg;
han gjord' si ærend vel nok,
det spyrst hjå folk utyver.
Men han som rår med ære,
hodd-tynaren, han sagdest
ha nok av gjævar' menn,
og nei fekk gilde karen.
(norsk omsetjing: frå Orknøyingasoga[1])

Ragna fekk likevel overtalt jarlen slik at Hall fekk plass som hirdmann, og i soga blir det sagt at Hall vart lenge sidan hjå Ragnvald jarl.

Ei tid seinare, omkring 1145, gjorde Hall, saman med Ragnvald jarl, diktet Háttalykill.[3] Namnet tyder «lykelen til versemålet» og handlar om heltar og kongar frå oldtida og dei gamle norske kongane. Diktet har om lag 50 ulike versemål og ein reknar med at det inneheld 82 vers, sjølv om mange av dei er mangelfulle.

Om den vidare lagnaden til Hall Torarinsson teier soga.

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Lausavise av Hall Torarinsson (Skaldic Project)
  3. Hattalykill av Hall Torarinsson og Ragnvald Jarl

Bakgrunnsstoff

endre