Halldor Meland
Halldor Meland (23. juni 1884–25. desember 1976) var ein norsk spelemann frå Ullensvang i Hardanger. Han bidrog mellom anna til å nytolka og fornya gamle slåttar frå Hardanger. Meland skapte og mange nye slåttar. Etter han er det ein rik arv av folkemusikk.
Halldor Meland | |||
Fødd | 23. juni 1884 (140 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Meland i Ullensvang | ||
Død | 25. desember 1976 (92 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | hardingfele | ||
Verka som | spelemann og komponist | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje |
Halldor Meland lærte mykje av eldre spelemenn i Hardanger, mellom dei Sjurd Håstabø og Olav Håstabø. Halldor råka og på Ola Mosafinn, som lærte han mykje spel frå Voss. Han førte mange av dei gamle Mosafinn-slåttane inn i hardingspelet. I samtida jamlikast han gjerne med Anders S. Kjerland.
I 1953 vart Halldor Meland æresmedlem i Landslaget for spelemenn, og han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1962.
Folkeminnesamlaren Rikard Berge nemner Meland som ein av dei dyktigaste spelemennene i Hardanger i artikkelen sin «Spelemenner», som første gong stod i boka Norges Musikkhistorie frå 1921.
Hardingfeleverket har 21 slåttenedskrifter etter Halldor Meland, ved Arne Bjørndal, Truls Ørpen, Eivind Groven og Sven Nyhus.