Sven Nyhus
Sven Kristoffer Nyhus (21. mai 1932–20. mai 2023) var ein norsk folkemusikar (fele, hardingfele og bratsj), komponist og tidlegare professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo.
Sven Nyhus | |||
Fødd | 21. mai 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Røros | ||
Død | 20. mai 2023 (90 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | fiolin | ||
Plateselskap | Heilo | ||
Verka som | musikkforskar, musikar | ||
Born | Åshild Breie Nyhus, Ingfrid Breie Nyhus | ||
Prisar | Hilmarprisen, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, Kommandør av St. Olavs Orden |
Liv og virke
endreSven Nyhus var fødd på Røros og byrja spele fele som ni-åring, og var fram til 1952 aktiv som spelemann i heimetraktene. Han starta Glåmos Spellemannslag og transkriberte noter for lokal folkemusikk. Deretter flytta han til Oslo og tok i 1956 eksamen som orkestermusikar ved musikkonservatoriet. Han var solobratsjist i orkestret ved Nationaltheatret, Den norske Operas orkester og Kringkastingsorkesteret og spelte som alternerande solobratsjist i Oslo-Filharmonien frå 1961 til 1971.
I 1969 starta han folkemusikkorkesteret Sven Nyhus kvartett (seinare også kvintett og sekstett) saman med trekkspelaren Tore Løvgreen. Dei to er framleis med i orkesteret som ellers har hatt ei rekkje andre medlem innom. Svens dotter, Åshild Breie Nyhus, spelar fele i sekstett-utgåva av orkesteret i dag. Orkesteret har gitt ut 12 album, og vunne to Spelemannpriser. I tillegg gav Sven Nyhus ut et soloalbum i 1977.
Frå 1971 var han medredaktør av sjubandsverket Norsk folkemusikk (saman med Jan Petter Blom og Reidar Sevåg), der han var med å transkribere notar for norske slåttar og folkemusikk. Verket blei avslutta i 1981. Han gav dessutan ut ei rekkje større og mindre slåttesamlingar.
Frå 1978 og ti år framover var Nyhus sjef for Folkemusikkavdelinga i NRK og frå 1990 til 2002 var han professor i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. Han komponerte rundt 75 slåttar.
Sven Nyhus var far til felespelaren Åshild Breie Nyhus og pianisten Ingfrid Breie Nyhus.
Prisar og utmerkingar
endre- Spellemannprisen 1974 i klassen folkemusikk/gammaldans med Sven Nyhus' kvartett og sekstett
- Spellemannprisen 1978 i klassen folkemusikk/gammaldans for Dovregubben danser
- Statsstipendiat (1989)
- Rff-prisen (1996)
- Hilmar Alexandersens musikkpris 1999
- Juryens heiderspris under Spellemannprisen 1999
- Kommandør av St. Olavs Orden 2002
Diskografi
endre- Rørosslåtter (PLAY, 1970) Sven Nyhus kvartett
- Gammeldans frå Rørostraktom (Polydo, 1972) Sven Nyhus kvartett
- Med hopp og hiv (Polydo, 1973) Sven Nyhus kvartett
- Sven Nyhus kvartett og kvintett spiller opp til gammeldans (Polydo, 1974) Sven Nyhus kvartett og kvintett
- Trollsteget (Talent, 1976) Sven Nyhus kvartett
- Trollsving og kast (Talent, 1976) Sven Nyhus kvartett
- Felklang frå Rørosvidden (Talent, 1977) Sven Nyhus solo
- Norskt livtag (Sonet, 1977) Sven Nyhus kvartett - berre gitt ut i Sverige
- Dovregubben danser (Talent, 1978) SvenNyhus kvartett
- På dansefot (EMI, 1981) Sven Nyhus kvartett
- Bergrosa (Mariann Records, 1984) Sven Nyhus kvartett og kvintett
- Skuddårslek (Callisto, 1988) Sven Nyhus kvartett og Åshild Breie Nyhus (fele)
- GRIMEN (Heilo, 1997) Sven Nyhus sekstett
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sven Nyhus» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2009.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi
- Artikkel frå Nationen i høve 70-års dagen Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Gitt ut på Musikk-Husets Forlag A/S Arkivert 2008-05-29 ved Wayback Machine.