Halleffekt er ein effekt som kjem av verknaden til magnetiske krefter på ein elektrisk straum, ein galvanomagnetisk effekt.

Halleffekten skapar ein spenningsskilnad (hallspenning) over ein elektrisk leiar, på tvers av ein elektrisk straum i leiaren og eit magnetfelt vinkelrett til straumen. Han vart oppdaga av Edwin Hall i 1879.[1]

Hall-koeffisienten er definert som forholdet mellom det induserte elektriske feltet og produktet til straumtettleiken og det magnetiske feltet. Det er ein karakteristikk til stoffet som leiaren er laga av, sidan verdien er avhengig av typen, talet og eigenskapane til ladningsberarane som utgjer straumen.

Kjelder endre

  1. Edwin Hall (1879). «On a New Action of the Magnet on Electric Currents». American Journal of Mathematics (American Journal of Mathematics, Vol. 2, No. 3) 2 (3): 287–92. JSTOR 2369245. doi:10.2307/2369245. Henta 28. februar 2008.