Magnetisme
(Omdirigert frå Magnetisk kraft)
Magnetisme er ein eigenskap ved material som gjer at dei utøver ei tiltrekkjande eller fråstøytande kraft på andre material. Det er mikroskopiske rørsler av molekyl som gjev opphav til eigenskapen.[1] Nokre material, til dømes jern, einskilde former av stål og mineralet magnetitt, er særleg magnetiske. Alle andre material har òg, i større eller mindre grad, magnetiske eigenskapar, men i dei fleste tilfelle er eigenskapane så små at dei ikkje kan påvisast utan bruk av spesialutstyr. Ordet kjem frå Magnesia ad Sipylum der ein i antikken for første gang oppdaga fenomenet. Noko som er prega av magnetisme vert kalla magnetisk.
Kjelder
endre- ↑ Holtebekk, Trygve; Kjekshus, Arne (20. august 2018). «magnetisme». Store norske leksikon (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Magnetism» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2005.