JHVH (hebraisk יהוה) er Guds eige namn slik det vert openberra i den hebraiske grunnteksten til Bibelen. På moderne norsk svarar namnet til Jahve eller Jehova.

Tetragrammet JHVH med fønikisk, arameisk og moderne hebraisk skrift.
Tetgragrammet inni ei davidsstjerne i St Anne's Church i Manchester.

Dei opphavlege hebraiske konsonantane YHWH (JHVH) vert ofte kalla «tetragrammet» ('fire teikn') eller «Namnet» (fordi det er det mest heilage av dei sju namna på Gud i jødedommen). I jødedommen er det absolutt forbod mot å uttale dette namnet utanom i tempelet i Jerusalem, og til og med i tempelet seier tradisjonen at namnet berre skal seies ein gong om året, av øvsteprestenjom kippur (forsoningsdagen). Sidan templet fell i år 70 blei den opphavlege uttaletradisjonen avbroten. Minoriteten samaritanarar, som på lik linje med jødane stammer frå dei gamle israelittane, har og stor respekt for namnet, men ikkje forbod mot å uttala det. Då vokalteikn vart lagt til den gammalhebraiske bibelteksten av masoretane mange hundre år seinare (rundt 800- og 900-talet), var kunnskapen om rett uttale av namnet gått tapt.

Forskjellig uttale av namnet endre

Jahu/Yahu endre

Uttalen Yāhū er sannsynleggjort gjennom uttalen av samansette personnamn som Ēliyyāhū (Elia) og Zəkharyāhū (Sakarja). Mange av desse namna finst i to utgåver – til dømes Ēliyyāhū ~ Ēliyyā (Elia); Zəkharyāhū ~ Zəkharyā (Sakarja); Yirməyāhū ~ Yirməyā (Jeremia). Det eksisterer manuskript som viser at arameisk-språklege jødar som levde i Nildeltaet i det 4. hundreåret f.Kr. uttalte tetragrammet «IAHU» eller «IAHO».[1]

 
Namnet skrive som Jehova med akkusativforma Jehovam i ei omsetjing av Targum, den arameiske versjonen av Tanakh (Gamletestamentet).

Jahuah/Yahwah endre

Jāhūah eller Yahwah (med kamés under jod, kubús etter vav og patah-mappik under den siste ) er, som Jahu, sannsynleggjort av uttala i namn som Ēlijjāhū og Zəkharjāhū. Vokalen a er berre ein glidelyd føre utlyden guttural. I framlyd får ein forma Jəhō-, noko som òg peikar mot forma Jāhūah, ettersom kamés (lang a) naturleg blir forkorta og redusert til ə ved meir enn ei staving frå hovudtrykket. Senkinga av u til o direkte føre guttural (ettersom glidelyden a berre kjem føre guttural i utlyd) stemmer òg med tendensen i hebraisk fonologi. Denne uttalen er òg i samsvar med dialektisk uttale Jāhū (med bortfall av konsonant i utlyd føre glidelyden a oppstod) og den samaritanske forma Jawe med bortfall av den gutturale h og typisk samaritansk forenkling av trippelvokalen aua til awa eller awe – jamfør samaritansk Eluwem ( < Eluim < Elohim).

Adonai/Adonay endre

I klassisk rabbanittisk og karaittisk jødedom les ein ordet som «Adonai» (hebraisk אֲדוֹנָי Ădōnāj – ‘min Herre’) dei fleste stadene der konsonantteksten har JHVH. Det er på denne bakgrunnen dei fleste bibelomsetjingane gjengjev JHVH med «Herren» (eller, meir sjelden, «Gud»). Som ei påminning om denne lesemåten sette masoretane inn hebraiske vokalteikn for Adonai saman med konsonantteikna JHVH. Forma Adonai er òg brukt i det norske minoritetsspråket rommani.

Sjema endre

Uttalen Sjema (arameisk שמא šəmā) tyder rett og slett «Namnet». Denne uttalen er særleg utbreidd i samaritansk religion. Dette må ikkje forvekslast med «sjemá‘» i den hebraiske truvedkjenninga, som tyder «Høyr!» eller «Høyr etter!».

Hasjém endre

Uttalen Hasjém (hebraisk הַשֵּׁם, haššēm) tyder, som Sjema, 'Namnet'. Denne forma blir gjerne brukt i ikkje-liturgisk samanheng av askenasisk-ortodokse jødar.

Jehova/Jehovah endre

Forma Jehova er brukt iallfall frå 1270 (i Pugio fidei av Raymund Martin) og gjennom religiøs litteratur i heile mellomalderen. Kristne renessansehumanistar1500-talet gjekk ut frå at vokalteikna under JHVH faktisk høyrde til sjølve namnet. Denne misoppfattinga var opphavet til at hybriduttalen «Jehova» (Jəhōwā) blei så utbreidd. Forma Jehova blei mykje brukt i eldre kristen litteratur, inkludert bibelomsetjingar. Jehovas vitne har namnet sitt frå denne forma.

Jahve/Yahweh endre

«Jahve» (jahwœ̄) er ein vanleg lesemåte blant forskarar, særleg blant teologar og religionsvitarar av ikkje-jødisk bakgrunn. Forma er bygd fyrst og fremst på den samaritanske uttalen Yáwe, ei form som òg kan forklarast som ein dialektisk variant av Jāhūah – jamfør samaritansk Elúwem for Elohim. I seg sjølv er forma Jahve problematisk i bibelsk hebraisk, i og med at ho ikkje følgjer dei vanlege prinsippa for hebraisk fonologi. Det er til dømes svært uvanleg å ha ein uttala h med sjevá naḥ i innlyd. Det er òg dårleg samsvar mellom denne forma og dei utleidde namneformene på Jeho- og -jahu.

Jihve endre

I nyare karaisme blir av og til uttalen Jihəve brukt.

Tyding av namnet endre

I den hebraiske bibelen (Tanákh i den jødiske tradisjonen, Det gamle testamentet i den kristne), finst namnet JHVH første gong i Fyrste mosebok 2:4. Guds namn er henta frå eit verb, den kausative (skapande) forma i imperfektum av det hebraiske verbet ha-wah, 'å bli'. Guds namn tyder derfor 'Han lèt (eller 'får til å') bli'.

Då Moses spurte etter namnet på Gud, fekk han dette svaret: «Eg er den eg er» (hebraisk: אהיה אשר אהיה, uttala ehyeh asher ehyeh.[2] Hayah tyder 'eksisterte' eller 'var' på hebraisk; ehyeh er fyrste person eintal i notid eller framtid (presens eller futurum). Det vert nytta ei rekkje stader i den hebraiske bibelen. Sjølve tetragrammet uttrykkjer tanken om den eine eller suverene guden, skaparen som ikkje er skapt sjølv, og som åleine er fullstendig (uavhengig) i seg sjølv («eg er»). Det kan også uttrykkje tanken om at han heldt fram å gjere seg til den han treng å vere for å gjennomføre sin vilje (å bli). 1913-utgåva av The Catholic Encyclopedia gjev denne tydinga av namnet: «Det passande namnet på Gud i det gamle testamentet; jødane kalla det følgjeleg for det ypparste namnet, det mektige namnet, det einaste namnet, det praktfulle og fryktelege namnet, det skjulte og mystiske namnet, det verkelege namnet, det passande namnet».[3]

Den hebraiske bibelen si framstilling av JHVH endre

 
JHVH i ein torárull.

JHVH opptrer i den hebraiske bibelen heilt frå skapinga, og det dannar seg eit ganske samansett bilde av det personlege vesenet hans i desse skriftene. Han er omtala som eit andevesen, buande i eit lys utilgjengeleg for menneske, og med enorm vital energi.[4] JHVH vert heva opp høgt over menneska, fordi han er heilag og rein i absolutt forstand, men likevel gjer han seg tilnærmeleg ved at mennesket blir oppfordra til å søkje han i bønn. «Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han til Moses; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva».[5]

I den hebraiske bibelen vert det teika eit bilete av JHVH som alt frå ein kjærleg far og sauehyrde, til ein mektig konge, rettferdig dommar og ein hard eksekutør: «Herren, Herren [JHVH] er ein mild og nådig Gud, langmodig og rik på miskunn og sanning! Han lèt si miskunn vara i tusen ættleder; han tilgjev synd og skuld og brot. Men han lèt ikkje den skuldige sleppa straff. Han lèt straffa for synda åt fedrane koma over born og barneborn i tredje og fjerde ættleden» (Andre mosebok 34:6,7). Altså både frykta og elska bibelskribentane JHVH; dei følte seg takksame overfor skaparen sin sin gjevmildskap, såg til han for vern og ofra regelbunde verdifulle ting til han for å sikre seg gunst frå han.

Den kjende historia om dei ti landeplagene i Egypt vanæra dei egyptiske gudane, som viste seg ikkje å vere i stand til å kopiere dei mirakuløse plagane.[6] Denne historia illustrerer kor suveren israelittane såg JHVH, og korleis dei tilskreiv han sigrane sine. Eg er Herren [JHVH] din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.»[7] Etter utfriinga frå Egypt er det at Lovpakta (Moseloven) vert inngått ved Sinaiberget, med Moses som talsmann for folket og med rennene dyreblod som stadfesting av pakten. Denne handlinga sette israelittane til side som eit heilag folk, og som altså berre skulle tilbe JHVH, «Gud åt deira fedrar.» Det vart svært viktig for dei ikkje å «smitte» tilbedinga av JHVH ved å tilbe andre gudar. Dette var og essensielt for dei seinare jødane, noko ein kan sjå blant anna av forteljinga om Daniels tre vener ved kongens hoff under fangenskapet i Babylon.[8] Dette understrekast og i Dei ti bod: «Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren [JHVH] din Gud, er ein brennhuga Gud, [som ikkje vil dela din kjærleik med nokon annan gud».[9]

JHVH vert og omtalt som «Gud Den Allmektige», og har grenselaus makt eller energi. Han er i stand til å sjå både fram og tilbake i tid ned til minste detalj, og også openberre dette for sine tenarar, noko som kjem til uttrykk i dei mange profetiane i Den hebraiske bibel.[10] Dei mest kjende av profetiane er kanskje dei om Messias ('ein som er salva'), som Gud skulle senda for å frelse ikkje berre sitt eige folk, men heile verda.[11] Som tydinga av namnet hans viser ('lèt bli'), har JHVH all makt som skal til for å gjennomføre viljen sin, eller for å styre hendingane slik at hans ord vert oppfylt.

Dei kristne greske skriftene si framstilling av JHVH endre

 
Tetragrammet i ei strålande sol bak Kristus på krossen. Skulptur i Église Saint-Merri i Paris.

I Det nye testamente (NT) er JHVH identisk med Faderen, men han omtalast både som Herre og Gud. Han skildrast mykje med dei same eigenskapane som i Den hebraiske bibelen (Det gamle testamentet): opphøgd, kongeleg, allmektig, vis og kjærleg, men og fordømmande.[12] Dei første kristne såg Jesus som den lovte Messias, Guds Son – han som oppfyller eller gjennomfører Guds formål: «Mange gonger og på mange måtar har Gud i tidlegare tider tala til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.»[13] Skriftene om Jesus i NT vert altså føydde til Guds Ord i Den hebraiske bibelen, og kunne i større grad fortelje kven JHVH var, og openberre formålet hans.

I dag ser dei fleste kristne JHVH som ein del av Den heilage treeininga, i eining med Sonen (Jesus Kristus) og den heilage anden. Dei vektlegg ikkje Guds opphavlege eige namn, eller tetragrammet, mykje, og det vert sjeldan nemnt i det daglege kristne liv.

Tetragrammet i Den hebraiske bibelen endre

Guds namn er nemnd 6 828 stader i den hebraiske grunnteksta til Det gamle testamentet.[14] Israelittane og jødane i gamal tid brukte det flittig som namnet på den eine Gud, i kontrast til dei gudane som vart tilbedd av folkeslag rundt dei. Få moderne bibelomsetjingar gjengir det med eit eige namn (Jahve eller Jehova) i dag. I staden set dei inn titlar som «Gud» eller «Herren».

Alle namn i den hebraiske grunnteksta finst berre skrivne i konsonantar, då skriftspråket jo er utan vokalar; den opphavlege uttala av desse kan såleis vera usikker. Likevel følgjer omsetjingane den praksis å gjengi desse namna med innarbeidde former av det opphavlege hebraiske (Josva, Abraham, David). Ofte er dette versjonar av namna som stammer frå gresk via latin, men som likevel vert brukt som ei god nok omsetjing av enkeltpersonane sine namn. Andre løysingar, slik som å bruke titlar eller berre konsonantane («kongen» eller «DVD» i staden for David) ville gjort teksten oppstykka og uforståeleg – ikkje minst med tanke på at det finst tusenvis av forskjellige eigenamn i Den hebraiske bibelen.

Når dei fleste omsetjingane i dag vel å bytta ut namnet JHVH i Den hebraiske bibelen med Herren eller Gud, kjem dette av at dei ikkje ser namnet som viktig, eller passande, for den kristne kyrkja. Dessutan følgjer dei eksemplet til to grupper: jødane, som i hundreåra før og etter Kristus la restriksjonar i bruken av namnet; og greske og latinske omsetjarar, som fylgde den praksis å erstatta JHVH med ky’rios (gresk) og Dominus (latin) – Herre. (Namnet er utelate i kopier av Septuaginta frå 4- og 500-talet e.Kr., men finst i dei eldste fragmenta, datert tilbake til det første hundreåret f.Kr. og det første hundreåret e.Kr.) I sine omsetjingar oppgjeb ikkje Det Norske Bibelselskap noka utfyllande forklaring på kvifor JHVH er gjengitt med «Herren». Forma Jehovah blei likevel brukt konsekvent i Ny Baiboly, deira madagassiske omsetjing.

To velkjende omsetjingar som gjengir JHVH med eige namn, er The Jerusalem Bible og The World English Bible, som begge bruker forma Yahweh. Sistnemnde omsetjing er siste utgåve av American Standard Version, som i 1901 argumenterte for å bruke forma Jehovah konsekvent. Den reviderte utgåva av 1952 (Revised Standard Version) argumenterte heilt motsett, og byta ut JHVH med the Lord (Herren) eller God (Gud). Mens siste utgåva no altså vel forma Yahweh. Ut over desse er det stort sett eldre omsetjingar som gjengir Guds eige namn, då som oftast i mellomalderen si populære form Jehova.

Ei anna bibelomsetjing som gjengir JHVH konsekvent med eit tilsvarande namn (på norsk, engelsk, tysk osv.), er Jehovas vitne sin Ny verden-oversettelsen av de hellige skrifter (på bokmål). Det er openbert eit ønske frå vitnenes side å framheva Jehova som ein alternativ variant av JHVH, ettersom denne forma av namnet er blitt vanleg i bruk i vesteuropeiske språk i kvart fall sidan 1200-talet. Jehovas vitne argumenterer med kor ofte namnet finst med i den hebraiske grunnteksten. Dei understreke og at sjølv den nøyaktige uttala av Jesu namn er gått tapt, utan at ein av den grunn unngår å bruke namnet med den forma som er vanleg på dei forskjellige språka.

I Den hebraiske bibelen ver JHVH mange gonger brukt som det eksplisitte namnet på den høgste Guden, den allmektige.[15] I bibelsk tid brukte jødane det både når dei song salmar, når dei konverserte, når dei bad og når dei helste på kvarandre.[16] Forkorta former av namnet finst og i ei rekke bibelske personnamn og i den vanlege hyllinga halleluja – 'lovpris Jah'. Også ikkje-bibelske tekstkjelde, som Moabitt-steinen frå det 9. hundreåret f.Kr., inneheld JHVH og viser at jødane brukte namnet såpass hyppig at dei omkringliggjande folkeslaga beit seg merke i det.

Tetragrammet i dei kristne greske skrifter endre

Tetragrammet finst ingen stader i den greske grunnteksten til Det nye testamente (NT). Gud er i staden omtala med titlar som Far/Faderen og Herre/n. I fire vers i Openbaringa kapittel 19 finst uttrykket halleluja, som teknisk sett inneheld forma Jah av gudsnamnet på gresk.

Dei aller fleste bibelomsetjingane bruker derfor ikkje nokon namneform av JHVH i teksten til NT. Overalt i grunnteksten finst uttrykket ky’rios, som tyder Herre, anten det sikter til Jesus, Faderen eller andre herrar, og det er rett og slett dette ordet som vert omset.

Til saman 890 passasjar i teksten viser til uttrykk og allusjonar i Den hebraiske bibelen, og av desse er over 300 direkte sitat, sannsynlegvis frå Septuaginta, som var i vanleg bruk då bøkene i NT vart skrivne.[17] Mange av desse passasjane viser til eller inneheld sitat frå tekster i Den hebraiske bibelen som inneheld namnet. For eksempel viser ein til profetar i fortida «som tala i Herrens namn;» desse talte naturlegvis i namnet til JHVH.[18] Om skribentane av NT verkeleg bevarte tetragrammet i sine sitat frå GT, slik dei første septuaginta-omsetjarane gjorde, eller dei valde å byte det ut med ky’rios (eller the’os, Gud) er forskarane i usemje om. Det er i kvart fall ikkje funne nokon tidleg gresk avskrift av NT som har bevart noko tetragram.

To bibelomsetjingar som avvik frå dei andre i denne samanheng, er Jehovas vitne sin Ny verden-oversettelse, som har «gjeninnført» namnet 237 stader i NT, og Det Norske Bibelselskaps omsetjing til madagassisk, Ny baiboly, som bruker forma Jehovah nokre få stader i NT.

Forskarane er usamde om kor vidt den jødiske praksisen, som så sterkt kom til å redusere uttalen av Guds namn, blei fylgt blant jødane og dei kristne i det første hundreåret. Jesus og disiplane hans snakka arameisk, men kunne truleg og bruke koiné-gresk, og dei kan derfor ha gjort bruk av Den hebraiske bibel både på originalspråket og på gresk når dei las frå, siterte og viste til Skriftene.[19]

Historisk opphav endre

Bibelteksten sjølv openberrer JHVH som ein eineståande Gud, i kontrast og opposisjon til andre gudar; ja, i eigentleg forstand er han den einaste guden som verkeleg eksisterer. Han er omtalt som evig, både tilbake og fram i tid, og har følgjeleg ikkje sjølv noko opphav.[20] Skribentane av Det nye testamentet sluttar seg til denne oppfatninga, og Jesus omtalar han som «den einaste sanne Gud».[21] I 1. Mosebok 4:1 legg JHVH sitt namn i munnen på den første kvinna, Eva. Det er og ein del av namnet til Jokebed, mor til Moses, og må derfor ha vore i bruk før Moses fekk openberringa ved den brennande tornebusken.[22] Ulike forskarar har og søkt å finna det eigentlege historiske opphavet til dyrkinga av JHVH, og finne ut om han vart tilbedd og i andre kulturar enn den gamalhebraiske.

Eit av forslaga som er blitt fremma for å forklare JHVH sin historiske opphav, er at israelittane sin JHVH er henta frå tradisjonane til sjasufolk – kananeisk-språklege nomadar frå det sørlege trans-Jordan.[23] Ein inskripsjon frå den egyptiske guden Amun sitt tempel i Karnak, frå farao Amenhotep III si tid (1390–1352 f.Kr.), refererer til «Jhv’s Shasu», noko som viser at denne guden vart tilbedd blant nokre av Shasu-stammane på den tida. Arkeologen Amihai Mazar har foreslått at assosiasjonen mellom Jahve og ørkenvandringa kan ha opphav i dei tørre landområda sør om Israel.[24]

Egyptologen Donald Redford har foreslått at israelittane sjølve i gamal tid kan ha vore ei gruppe sjasufolk som flytta seg nordover inn i Kanaan (i det 13. hundreåret f.Kr.), og at dei for fyrste gong dukkar opp på gravsteinen til Merenptah. Israel Finkelstein har vidare påpeikt at dei busette seg i dei samaritanske og judeiske fjella på den tida.[25]

Enda tidlegare vitnesbyrd viser at JHVH vart tilbedd som Jah (Yah) ved Ebla (2350 f.Kr.) og som Jav (Yaw) ved Ugarit (1800–1200 f.Kr.), kor han var ein av Elohim-ane – Els soner. (Elohim er hebraisk for Gud i majestet-fleirtal.)

På denne bakgrunn foreslår Jean Bottero at Jah (Yah) var den vest-semittiske utgåva av den akkadiske visdomsguden Ea, eit namn avleidd frå sumerisk (E = 'hus', A = 'vatn'), og ein tittel gitt til den sumeriske guden Enki. (Mesopotamia: Writing, Reasoning, and the Gods) Jah og Ea blei då uttalt likt. Akkurat som Ea var JHVH då mennesket sin skapar og han som redda Noah frå den verdsomspennande vassflaumen. Hebraikeren Joel M. Hoffman meiner på sin side at tetragrammet opphavleg vart sett saman av forskjellige variantar av morgudar (materne gudar).[26]

Som Van der Toorn understreker, er ei rekke forskjellige meiningar presentert, men ein har ikkje blitt vorte einige om nokon eintydig etymologi for tetragrammet.[27]

Fotnotar endre

  1. Elephantine Papyrii, The Interpreters Dictionary of the Bible.
  2. Andre mosebok 3:14
  3. The Catholic Encyclopedia (1913).
  4. Jesaja 40:26
  5. Andre mosebok 33:20
  6. 2. Mosebok 4 og 5
  7. Dei ti bodorda, 2. Mosebok 20:2, 3
  8. Daniel 1 og 3
  9. 2. Mosebok 20:4,5
  10. Jesaja 46:10,11; Andre Krønikebok 16:9
  11. Daniel 9:24,25
  12. Apostelgjerningane 7:2; 17:24,25; Johannes' openberring 4:11; 21:6–8
  13. Brevet til hebrearane 1:1,2; Evangeliet etter Johannes 1:18
  14. Biblia Hebraica Stuttgartensia, arkivert frå originalen 13. september 2006, henta 28. mai 2006 
  15. Salmane 83:19
  16. 2. Mosebok 8:29; Femte Mosebok 8:19; Ruts bok 2:4
  17. Westcott & Hort, The New Testament in the Original Greek, Graz 1974
  18. Jakobs brev 5:10; Evangeliet etter Matteus 1:22-23; Jesaja 7:14
  19. Matteus 4:4–10; Evangeliet etter Lukas 4:16–21; Apostelgjerningane 2:16–21.
  20. Jesaja 40:28; 43:11; Salme 124:8)
  21. Johannes 17:3; Openbaringa 1:8
  22. 2. Mosebok 6:20; 3:1–15
  23. The Origins of Biblical Monotheism, Mark S. Smith
  24. Archaeology of the Land of the Bible (bind 1).
  25. The Bible Unearthed: Archaeology's New Vision of Ancient Israel and the Origin of Its Sacred Texts.
  26. In the Beginning: A Short History of the Hebrew Language.
  27. Dictionary of Deities and Demons in the Bible: «Yahweh».

Bakgrunnsstoff endre