Hallo Telenor

I kommuna eg bur, ha'rei lagt ut tabella og kart.
De'æ fint for dei som kan surfe med skikkeleg fart.
Men her heime hjå meg, so skrøpeleg.
De'æ no so mangt eg skull lasta ned.
Det kan eg ikkji få te. Går for sakte!

Arne Moslåtten

Hallo Telenor er ein song av det norske bandet Hellbillies. Melodien har i likskap med fleire av andre songar av Hellbillies band både til folkemusikk og moderne pop/rock. Teksten er eit bygdepolitisk innspel til debatten om breibandssamband til distrikta. Dette var ei sak som tidlegare leiar av Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, særleg gjorde seg til talsmann for.[1] Teksten er forfatta av bandmedlem Arne Moslåtten og blei raskt ein radiohit etter lanseringa i 2007. Saka fekk så stor merksemd at Telenor valde å kommentere ho i sitt eige Telenormagasinet.[2]

ReferansarEndra

  1. Senterpartiet.no: SP innfører den digitale allemannsretten
  2. Telenormagasinet: Hallo igjen, Telenor

BakgrunnsstoffEndra