Halvard Lange
norsk politikar
(Omdirigert frå Hallvard Lange)
Halvard Manthey Lange (16. september 1902–19. mai 1970) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var utanriksminister frå 1946 til 1965, berre avbroten av dei 28 dagane til Regjeringa Lyng i 1963, og såleis er han den som har hatt denne posisjonen lengst i Noreg.
Halvard Lange | |||
Halvard Lange i januar 1949 Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum | |||
Fødd | 16. september 1902 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mai 1970 (67 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | diplomat, politikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Far | Christian Lous Lange | ||
Barn | Even Lange | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Norsk utanriksminister 1946]-1963 | ||
Føregangar | Trygve Lie | ||
Etterfylgjar | Erling Wikborg | ||
Verv | 1963-1965 | ||
Føregangar | Erling Wikborg | ||
Etterfylgjar | John Lyng | ||
Verv | Norsk utanriksminister | ||
Alle verv |
|
Lange sat som stortingsrepresentant frå 1950 til 1969 og var medlem i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre i perioden 1945–67. Han var son av fredsprisvinnaren Christian Lous Lange, og bror av stortingsrepresentanten Carl Viggo Manthey Lange.
Lange spela ei historisk rolle som utanriksminister gjennom at han braut med nøytraliteten Noreg tradisjonelt hadde hatt ved å leie landet inn i Atlanterhavspakta og NATO.[1]
Fotnotar
endre- ↑ «Lange, Halvard» på Caplex.no