Halsøyra
(Omdirigert frå Halsør)
62°0′14.861″N 5°7′52.378″E / 62.00412806°N 5.13121611°E Halsøyra er ei bygd på austsida av Vågsøy i Kinn kommune i Vestland. Området er i le av dei sterkaste vindane inn frå havet. Frå Halsør ser ein dei små øyane Silda og Barmøy. Enno kan ein sjå fleire merke etter installasjonar frå den andre verdskrigen her.